Andrew Wakefield
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Andrew Wakefield | |
![]() | |
Fødd | 1957 Eton i Berkshire |
---|---|
Nasjonalitet | Storbritannia |
Yrke | kirurg, antivaksineaktivist, filmprodusent, filmregissør, manusforfattar |
Institusjonar | University of Toronto Royal Free Hospital Johnson Center for Child Health and Development |
Alma mater | St Mary's Hospital Medical School King Edward's School |
Sambuar | Elle Macpherson |
Medlem | The European Forum for Vaccine Vigilance |
Andrew Jeremy Wakefield (fødd i 1957) er ein britisk tidlegare kirurg og forskar.
Wakefield er mest kjend for si forfalska forsking på den påståtte samanhengen mellom MMR-vaksine og autisme.[1][2] I 1998 publiserte han ein studie som viste ein klår samanheng, og dette førte til sterk skepsis til vaksine i Storbritannia. Skepsisen spreidde seg til mange andre land, mellom dei Noreg.[3]
Til trass for at ingen andre forskarar lukkast i å replikere studien, vart ikkje svindelen avdekt før i 2004 då journalisten Brian Deer undersøkte saka. Han avdekte at Wakefield hadde forfalska studien, og at han òg hadde økonomiske motiv for å gjera dette.[4]
I 2010 vart Wakefield frådømd retten til å praktisera som lækjar i Storbritannia.[5]
Som følgje av Wakefield sitt forskingsjuks og nedgangen i folk som vaksinerer borna sine har førekomsten av meslingar stige markant i Storbritannia, noko som igjen har ført til alvorleg sjukdom og død for enkelte uvaksinerte.[6] Liknande tendensar har ein sett internasjonalt, og i Sør-Afrika har den irrasjonelle redsla for MMR-vaksinen ført til fleire hundre dødsfall blant born som har fått meslingar.[7]
Til trass for avsløringene har Wakefield mange tilhengarar verda over, og skepsisen mot MMR-vaksinen har halde seg ved like.[8] Mellom dei som har støtta Wakefield sin påstand om ein samanheng mellom vaksinar og autisme er Donald Trump.[9]
Den norske antroposofen Trond Skaftnesmo har i boka Folkefiende prøvd å tilbakevisa tiltalane mot Wakefield og meiner at han er utsett for eit politisk komplott.[10]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Forfalsket sammenheng mellom vaksine og autisme VG
- ↑ «16 years ago, a doctor published a study. It was completely made up, and it made us all sicker.».
- ↑ Norske småbarnsforeldre lurt av vaksinebløff NRK
- ↑ Revealed: Wakefield's secret first MMR patent claims "safer measles vaccine" briandeer.com
- ↑ Omstridt britisk lege mistet lisensen NRK
- ↑ Study Linking Vaccines to Autism Is “Fraudulent” Time Healthland
- ↑ South Africa: Measles outbreak spreading IRIN Africa
- ↑ Meslingevaksine fører ikke til autisme Morgenbladet
- ↑ Antivaxers supported President-Elect Donald Trump.
- ↑ Bokomtale: Folkefiender - om sannhetens pris og vitenskapens sjel {{Wayback|url=http://nnh.no/article.aspx?id=971%7Cdate=20131202230921}
- Denne artikkelen bygger på «Andrew Wakefield» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2018.