Andrew White

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andrew White
AndrewWHITE1.JPG
Heime i Washington, DC i 2010
Fødd6. september 1942 (76 år)
FødestadWashington, District of Columbia, U.S.
FødenamnAndrew Nathaniel White III
OpphavUSA
Aktiv1960 til i dag
SjangerHard bop, jazz, avant-garde
InstrumentSaksofon, obo, kontrabass, piano
Tilknytte artistarJFK Quintet
PlateselskapRiverside Records, Andrew's Music
Verka somLåtskrivar, musikar, artist, poet, tekstforfattar, komponist, plateprodusent,

Andrew White (fødd 6. september 1942) er ein USA-amerikansk multi-instrumentalist, musikkforskar og forleggar. Han speler særleg jazz og R'n'B på saksofon, obo og bass.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

White var fødd i Washington, D.C., og voks opp i Nashville i Tennessee. Han kom attende til Washington, D.C. i september 1960 for å studere ved Howard University. Han var ferdig der i juni 1964 med ein bachelor i musikk. Han studerte så ved Musikkonservatoriet i Paris i Frankrike.

Som saksofonist byrja White å spele jazz i september 1960 i J.F.K. Quintet.[1] (1961-63). Han spelte seinare med Kenny Clarke (1965), Otis Redding (1967), McCoy Tyner (1970), Elvin Jones (1980-81), Beaver Harris (1983), The Julius Hemphill Saxophone Sextet (1987), The Six Winds Dutch Saxophone Sextet (1999), og i sin eigen Andrew White's ZORROSAX ALLSTARS, saksofonsekstett (2002), i tillegg hundrevis av spelejobbar med andre artistar.

Som bassist spelte White hovudsakleg med Stevie Wonder, frå 1968 til august 1970, samstundes som han spelte obo i American Ballet Theatre Orchestra. Han var òg bassist for The 5th Dimension, frå 1970 til 1976. Han spelte bass i jazzfusiongruppa Weather Report på albumet Sweetnighter, spelt inn i januar 1973 på Columbia Records.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eugene Chadbourne, allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]