Andrimne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Andrimne (norrønt: Andhrímnir, 'ein med sot i ansiktet') er i norrøn gudelære kokken i Valhall. Han har kjelen Eldrimne som han kvar dag kokar vesenet Særimne i til mat for einherjane. Til kvelden er Særimne attskapt slik at Andrimne også neste dag kan slakte han og lage til kjøtet.[1]

Andrimne er nemnd i Grimnesmål og av Snorre i Gylvaginning (Den yngre Edda).[2]

Grimnesmål[endre | endre wikiteksten]

I gudekvadet Grimnesmål, som me kjenner frå Den eldre Edda, vert Andrimne omtala i det 18. verset:

Norrønt:
Andhrímnir
lætr í Eldhrímni
Sæhrímni soðinn,
fleska bezt;
en þat fáir vitu,
við hvat einherjar alask.[3]
Ivar Mortensson-Egnund si omsetjing:
Andrimne lèt
i Eldrimne
Særimne sjode:
ovgodt flesk,
men fåe det veit
kva einherjar mun eta.[4]

Gylvaginning[endre | endre wikiteksten]

I Snorres Gylvaginning er det ein bolk som handlar om livet i Valhall. Der vert det fortald om kor stort Valhall er, kor mange einherjar som er der, og om korleis det vert ordna med kost og drikke til dei som bur der.[5] Ganglere seier at når alle som har falle i strid har kome til Valhall må det vere mange der å mette, og lurer på korleis det vert skaffa mat til alle. Høge svarar at dei har nok mat av flesket frå galten Særimne, som vert kokt kvar dag og er heil att på kvelden. Han legg til «Andhrímnir heitir steikarinn, en Eldhrímnir ketillinn»,[6] 'Andrimne heiter kokken, og Eldrimne kjelen', og så seier han fram verset om Andrimne, Eldrimne og Særimne slik me kjenner det frå Grimnesmål.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Særimner». Den store danske. Henta 13. januar 2012. 
  2. Idar Lind (2005). «Andrimne». Norrøn mytologi frå A til Å (4. opplaget, 2009 utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 18. ISBN 978-82-521-6564-7. 
  3. Heimskringla.no: Grímnismál (norrønt)
  4. Heimskringla.no: Grimnesmål omsett av Ivar Mortensson-Egnund.
  5. Snorre Sturluson (1998). Den yngre Edda (5. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 58. ISBN 82-521-5287-2.  [Omsett av Erik Eggen]
  6. Heimskringla.no: Edda Snorra Sturlusonar sjå vers 38.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Henry Notaker (1993). «Fint fett flesk». Ganens makt. Oslo: Aschehoug. s. 24. ISBN 8203260098.  [Om Andrimne, mat og matskikkar i sagatida.]