Andrine Hegerberg
Utsjånad
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 6. juni 1993 | ||
| Fødestad | Sunndalsøra | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Nummer | 23 | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 2009–2011 | Kolbotn | 26 | (13) |
| 2012 | Stabæk | 21 | (4) |
| 2013 | Turbine Potsdam | 3 | (0) |
| 2013–2016 | Kopparbergs/Göteborg | 59 | (3) |
| 2016–2017 | Birmingham City | 19 | (0) |
| 2018–2019 | PSG | 9 | (0) |
| 2019–2021 | Roma | 24 | (4) |
| 2022 | Häcken | 20 | (2) |
| 2023– | SK Brann | 17 | (0) |
| Landslag | |||
| 2007–2008 | Noreg J15 | 5 | (1) |
| 2008–2009 | Noreg J16 | 18 | (4) |
| 2008–2010 | Noreg J17 | 11 | (0) |
| 2010–2011 | Noreg J19 | 18 | (3) |
| 2011–2012 | Noreg U20 | 8 | (3) |
| 2012–2016 | Noreg U23 | 17 | (5) |
| 2012– | Noreg | 25 | (1) |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. november 2023 ‡ Landslagsmål oppdatert 27. november 2023 | |||
Andrine Stolsmo Hegerberg (fødd 6. juni 1993) er ein norsk fotballspelar frå Sunndalsøra, som spelar for SK Brann.[1]
Ho er systera til fotballspelaren Ada Hegerberg.
Landslagskarriere
[endre | endre wikiteksten]Hegerberg har spelt for fleire av dei norske juniorlandslaga. I 2009 var ho med på det norske laget som vart nummer fire U17 EM i Nyon. To år seinare nådde laget finalen i U19-VM i Italia, der dei tapte 1–8 for Tyskland. Hegerberg var også med på det norske juniorlandslaget i U20-VM i 2012. Ho og systera Ada scora eitt mål kvar då Canada vart slege 2–1, og det norske laget avanserte til kvartfinale.[2] Den 17. januar 2012 debuterte Hegerberg for A-landslaget i ein treningskamp mot Sverige.[3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hegerberg har signert for Brann». Brann. Henta 16. januar 2023.
- ↑ "Hansen og Hegerberg-søstrene reddet Norge".
- ↑ "Andrine Stolsmo Hegerbergs profil". fotball.no.
- Denne artikkelen bygger på «Andrine Hegerberg» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juli 2022.