André Gorz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André Gorz
Pseudonym Michel Bosquet
Statsborgarskap Frankrike, Austerrike
Fødd 9. februar 1923
Wien
Død

22. september 2007 (84 år)
Vosnon

Yrke samfunnsøkonom, journalist, filosof, skribent, sosiolog, miljøvernar
Språk fransk
André Gorz på Commons

André Gorz (9. februar 192322. september 2007) var ein austerriksk/fransk venstreradikal filosof. Han blei fødd i Wien og emigrerte til Frankrike i 1949, der han blei ein del av det eksistentialistiske miljøet rundt Jean-Paul Sartre og tidsskriftet Les Temps Modernes.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Han debuterer i 1957 med den sjølvbiografiske roman Le Traitor (Svikaren). Om lag samtidig tek arbeidet hans ei meir politisk retning og frå og med utgivinga av Stratégie ouvrière et néocapitalisme i 1964 og frametter er han kjend som ein av den nye venstresida sine viktigaste tenkjarar.

Etter ein økologisk fase i 1970-åra kom Gorz sitt store internasjonale gjennombrot i byrjinga av 1980-åra, då han gav ut dei to små bøkene Adieux au prolétariat (1980) og Les Chemins du Paradis (1983). Frå og med desse to bøkene og fram til i dag kan Gorz sitt overordna prosjekt seiast å vere ein freistnad på å bringe den Marxske eller marxistiske samfunnsteorien og venstresosialistisk politikk med inn i det postindustrielle samfunnet, eller, som ein ofte seier i dag, kunnskapssamfunnet.

Gorz har blant anna ein visjon om eit samfunn med borgarløn. Sentrale tema i dette prosjektet er ideen om frigjering som ei frigjering frå lønsarbeidet, som han meinte er på veg ut som ei følgje av den aukande automatiseringa av produksjonen, og ein tilhøyrande analyse av kapitalismen som ein kriseramma og døyande produksjonsmåte/samfunnsform. I motsetning til mange andre venstreorienterte tenkjarar heldt Gorz såleis fast på forestillinga om at eit postkapitalistisk samfunn (sosialisme/kommunisme) ikkje berre er ønskjeleg, men òg mogleg.

Sjølv om Gorz i Skandinavia er mest kjend for dei ovannemnde utgivingane frå 1980-åra, har han sidan då gitt ut fleire viktige bøker. Særleg kan nemnast: Métamorphoses du travail frå 1988 (engelsk utgåve frå 1989: Critique of Economic Reason), Misères du présent, richesse du possible frå 1997 (engelsk utgåve frå 1999: Reclaiming Work) og L'immateriel frå 2003 (tysk utgåve frå 2004: Wissen, Wert und Kapital).

I den sistnemnde boka tok Gorz for seg tilhøvet mellom kunnskapsøkonomi og kapitalisme. I motsetning til det herskande synet hevda Gorz at overgangen til kunnskapsøkonomien kastar kapitalismen ut i krise, ettersom det er eit avgrunnsdjupt motsetningstilhøve mellom kunnskap på den eine sida og dei grunnleggjande kategoriane i kapitalismen på den andre — verdi, lønsarbeid og kapital. Ifølgje Gorz peikar kunnskapsøkonomien såleis i retning av det han omtalar som eit «kunnskapskommunistisk» samfunn. Med L'immateriel kan ein såleis seie at Gorz har skapt ein «kunnskapsmarxisme». (I det danske tidsskriftet Social Kritik nr. 107, 2006, finst det eit lengre intervju der Gorz gjer greie for desse tankane).

Seinast (i 2006) har André Gorz gitt ut ei lita skjønnlitterær-biografisk bok, Lettre à D, som ut over å vere eit kjærleiksbrev til kona hans, Dorine, rommar skildringar av og refleksjonar over det intellektuelle virket og utviklinga hans sidan 1950-åra. Lettre à D blei den siste boka hans. Ho kom på norsk i 2008, med tittelen Brev til D. En kjærlighetshistorie (Pax forlag).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]