Andrés Escobar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrés Escobar
Personleg informasjon
Fullt namn Andrés Escobar Saldarriaga
Fødd 13. mars 1967
Fødestad Medellín i Colombia
Død 2. juli 1994 (27 år)
Dødsstad Medellín
Høgd 184 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1987–1989
1989–1990
1990–1994
Atlético Nacional
Young Boys
Atlético Nacional
78 (0)
80 (0)
144 (0)
Landslag
1988–1994 Colombia 51 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andrés Escobar Saldarriaga (13. mars 19672. juli 1994) var ein colombiansk fotballspelar frå Medellín. Han spelte for laget Atlético Nacional gjennom heile si karriere. Med unntak av eit opphald i sveitsiske Young Boys i 1989/90 sesongen. Han vart verdskjend etter at han skåra det skjebnesvangre sjølvmålet under VM i USA 1994. Det var sannsynligvis sjølvmålet som kosta han livet. Escobar vart karakterisert som ein leiartype på bana med eminent teknikk for spelet. Han spelte 50 landskampar og skåra eit mål.

Drapet[endre | endre wikiteksten]

Mannen som drap Escobar , Humberto Castro Muñoz, var livvakt for to brør som eigde eit stort diskotek i Medellín. Desse brørne hadde store forventingar til Colombia i meisterskapen og dei satsa store pengar på at laget skulle gjere det bra. Dei meinte at Escobar hadde skulda for alt elendet i VM. Castro hadde vore på besøk på diskoteket, og han følgde etter Escobar til bilen. Castro tok opp ein revolver då han stod attmed sida av bilen og skaut 12 skot mot Escobar. Vitne har sagt at for kvart skot Castro skaut, så skal han ha ropt «Gol!» (som er spansk og betyr 'mål'). Muñoz vart dømd til 43 år i fengsel, men kom ut etter elleve år i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]