Andvord gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andvord gard er ein gard i Lom kommune i Oppland fylke. Han ligg fremst under Lomseggi ved innløpet til Bøverdalen.[1]

Garden var tingstad i fleire hundre år og var lenge eit av dei største bruka i området med 17 til 18 husmannsplassar. Anlegget er i dag ope for kurs, selskap og overnatting etter at det har vorte fullstendig restaurert.[2] Delar av byggverka på garden er frå 1700-talet.

Andvord gard fekk prisen Olavsrosa i juni 2012, etter at brørne Michel og Richard Andvord gjennomførte ei omfattande restaurering av garden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Historiebok - Andvord gard i Lom Vitja 2. september 2013
  2. 2,0 2,1 Bjarne Bekkeheien Aase (14. juli 2012). «Brør har brukt over 20 millionar på slektsgard». Nationen. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]