Andy's Chest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andy's Chest
Song av Lou Reed
frå albumet Transformer
Utgjeve 1972
Innspelt 1969
Lengd 3:22
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent David Bowie, Mick Ronson

«Andy's Chest» er ein song skriven av Lou Reed, inspirert mordforsøket på Andy Warhol i 1968. I juni dette året skaut den radikale feminist-forfattaren Valerie Solanas Warhol og Mario Amaya, ein kunstkritikar og kurator, i studioet til Warhol.[1]

Bandet The Velvet Underground som Reed var medlem av, spelte opphavleg inn songen i 1969, men den endelege versjonen kom ut i 1972 på Lou Reed-albumet Transformer, produsert av David Bowie og Mick Ronson.

Den originale innspelinga frå 1969 kom sidan ut på albumet VU i 1985, som ein livleg popsong.[2] Arrangementet på Transformer er meir langsamt med ein karaktertisk bass av Herbie Flowers og markant korvokal av David Bowie.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Schaffner, Ingrid (1999). The Essential Andy Warhol. New York City: Harry N. Abrams. s. 79. ISBN 0-8109-5806-6. 
  2. «The Velvet Underground». Only Solitaire. Only Solitaire. Henta 29. mars 2022.