Andy Serkis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andy Serkis
Andy Serkis Comic-Con 2011.jpg
Fødd20. april 1964
FødestadRuislip
FødenamnAndrew Clement Serkis
Aktive år1989–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, filmregissør, skribent, skodespelar, stemmeskodespelar, teaterskodespelar, produsent
EktefelleLorraine Ashbourne
BornLouis Ashbourne Serkis

Andrew Clement Serkis (fødd 20. april 1964) er ein britisk skodespelar, kjend frå rolla som Gollum i Ringdrotten-filmane av Peter Jackson.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Andy Serkis vart fødd i Vest-London og voks opp i ein familie på sju. Faren, Clement Sarkisian var ein lækjar frå Irak av armensk ætt, og i barndommen måtte familien reisa mykje rundt i Midtausten på grunn av jobben hans. Andy Serkis gjekk på katolsk skule i London, og etter vanleg skulegang starta han studie i visuell kunst ved Lancaster University. Etter ei stund gjekk han over til å studera teater på fulltid.

I 1989 starta Serkis å få små roller i britiske fjernsynsseriar. Samtidig skaut teaterkarrieren hans fart, og han spela roller i stykke av Shakespeare og Bertolt Brecht m. fl. Den fyrste spelefilmen han fekk ei rolle i var Prince of Jutland (1994) med Christian Bale, og det vart fleire spelefilmar på Andy Serkis utover 1990-åra.

I 2001 kom den fyrste av Ringenes herre: Ringens brorskap ut. Her var den schizofrene karakteren Gollum/ Smýgol, spelt av Serkis, såvidt synleg i filmen. Andy Serkis fekk ei større rolle i dei to siste filmane i trilogien frå 2002 og 2003. Andy Serkis spelte inn rørslene og andletsuttrykka til Gollum i ei spesiell, tettsitjande drakt, og ved hjelp av moderne datateknikk vart dette sett saman med digital animasjon for å skapa figuren Gollum. Likevel var både røysta, rørslene og andletsuttrykka Serkis sitt. I den tredje filmen, Ringenes herre: Atter en konge, spela Serkis karakteren Smýgol i ei tilbakeblikk-scene i byrjinga av filmen. Dette var tradisjonelt skodespel. I tillegg til dette spelte Andy Serkis inn røysta til The Witch King of Angmar i alle filmane.

Etter dette har Andy Serkis spelt i fleire store spelefilmar. Av høgdepunkta kan det nemnast at han hadde hovudrolla i filmen om King Kong (2005) og at han spelte stemma til kaptein Haddock Tintin-filmen (2011). I tillegg spelar Serkis Gollum/ Smýgol i Hobbiten: En uventet reise frå 2012, og var second unit director, assisterande regissør, for alle tre Hobbiten-filmane til Peter Jackson. [1]

Spelefilmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]