Andy Warhol av David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andy Warhol
Song av
frå albumet Hunky Dory
Utgjeve 17. desember 1971
Innspelt Trident Studios, London sommaren 1971
Sjanger Glamrock, kunstrock, psykedelisk folk
Lengd 3:56
Selskap RCA Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie

«Andy Warhol» er ein song skriven av David Bowie i 1971 for albumet Hunky Dory. Det er ein akustisk song om ein av dei største inspirasjonskjeldene til Bowie, den amerikanske popart-kunstnaren Andy Warhol. Songen starta med prating i studio der Bowie forklarer produsenten Ken Scott, som akkurat har uttalt namnet til Warhol feil, den riktige måten å seie namnet på. Scott introduserer så opptaket på ny, før Bowie starta å spele blant latter. Songen byrjar med eit spesielt flamenco-liknande gitarriff, som held fram gjennom songen.

Andy Warhol looks a scream
Hang him on my wall

David Bowie (1971)

Bowie spelte seinare songen for Andy Warhol, som visstnok mislikte songen, sidan han meinte teksten gjorde narr av kroppen hans. Då songen var ferdig skal visstnok Warhol og Bowie berre ha stirra på kvarandre ei stund før Warhol sa «eg likar skoa dine» og dei snakka om sko resten av samtalen.[1]

Songen vart opphavleg skriven for Dana Gillespie, som spelte songen første gongen 3. juni 1971 for BBC, og sidan i studio sommaren 1971, men versjonen hennar vart ikkje gjeven ut før i 1974 på albumet Weren't Born a Man. Mick Ronson spelar gitar òg på hennar versjon.

Bowie spelte Andy Warhol i Julian Schnabel-filmen Basquiat.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart gjeven ut som B-side til singelen «Changes» i januar 1972.
  • Han finst òg på den japanske samleplata The Best of David Bowie frå 1974.
  • Ei forkorta utgåve, der dialogen i starten er kutta ut, finst på samleplata The Collection.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Ein versjon sungen av Dana Gillespie vart spelt inn for BBC Radio-programmet In Concert den 3. juni 1971, presentert av John Peel og først sendt den 20. juni det året.[2]
  • Ein versjon spelt inn i Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72.
  • Bowie spelte songen på BBC-showet Sounds of the 70s med Bob Harris 23. mai 1972. Dette vart sendt 19. juni 1972, og i 2000 gjeven ut på Bowie at the Beeb.
  • Songen vart mykje spelt på konsertane til Bowie i 1972, men så vart han lagt på hylla fram til Outside-turneen i 1995 med Nine Inch Nails.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Spooky Ghost, som spelte gitar for Bowie på 2000-talet, spelte songen på konsertar med kona og dottera si.[4]
  • Stone Temple Pilots har spelt songen fleire gonger på konsertane sine. Eit konsertopptak finst som B-sida til singelen «Vasoline» frå 1994.
  • John Frusciante frå Red Hot Chili Peppers spelte songen på somme av solokonsertane hans.
  • Generation X spelte songen på minst ein av konsertane sine, i Paris Theatre den 1. januar 1981.
  • Treepeople spelte inn ein versjon av albumet i 1991 på Guilt Regret Embarrassment
  • Det London-baserte bandet Serafin spelte ein versjon som B-sida til singelen «Things Fall Apart» i 2003.
  • Rachel Stevens-songen «Funky Dory» samplar det meste av songen, og Bowie har låtskrivaroppføring på songen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]