Andímilos

Koordinatar: 36°47′N 24°14′E / 36.783°N 24.233°E / 36.783; 24.233
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andímilos
øy
Land  Hellas
Del av Kykladane
Areal 8,00 km²
Folketal 0 (2011)
Kart
Andímilos
36°47′N 24°14′E / 36.79°N 24.24°E / 36.79; 24.24
Wikimedia Commons: Antimilos

Andímilos (gresk Αντίμιλος), òg kalla Antimelos, er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Øya ligg 20 km nordvest for Mílos.

Andímilos høyrer til kommunen Mílos, som er ein del av periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Øya har ingen busetnad.[1]

Andímilos består berre av trakytt, og vert ofte kalla Erimómilos (‘Ørkenmilos’). Ho er ei vulkansk øy og krateret er framleis synleg. I antikken omforma innbyggjarar på øya krateret om til eit ope regnreservoar. Ein sjeldan variant av geiter lever på øya i dag, ho liknar den kretiske geita kalla «kri-kri», men er ikkje den same.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


36°47′N 24°14′E / 36.783°N 24.233°E / 36.783; 24.233

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.