Ane
Hopp til navigering
Hopp til søk

Songaren Ane Brun.
Ane er eit personnamn som kan ha fleire ulike opphav. Som kvinnenamn kan det vera ei dansk diminutivsavleiing av Anne, eller ei kortform av namn som endar på -ane, som Kristiane. Ane kan også vera eit frisisk kortform av namn med førsteledd frå germansk arn-.
Nærskylde kvinnenamn er Anette, Anita, Anja, Ann, Annie og Anniken. Arne er eit nærskyld mannsnamn.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Ane er eit svært vanleg namn på Grønland.
Ane var eit vanleg namn i Noreg på 1700- og 1800-talet. Namnet var også mykje brukt for nyfødde jenter på 1980- og 1990-talet.
Namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Ane Borgen (f. 1938), norsk forfattar
- Ane Dahl Torp (f. 1975), norsk skodespelar
- Ane Brun (f. 1976), norsk musikar
- Ane Hansdatter Kismul (f. 1980), norsk rådgjevar og naturvernar
Sjå og[endre | endre wikiteksten]
- Aneby, svensk kommune
- Anestølen, seter i Sogndal kommune, knytt til «Å jeg vet en seter» av Margrethe Munthe
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Ane» i Store norske leksikon, snl.no.
- behindthename.com
- Denne artikkelen bygger på «Ane (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2009.