Ane Breivik
Ane Breivik | |
![]() | |
Fødd | 3. juli 1998 (25 år) Bærum kommune |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Utdanna ved | Nadderud videregående skole UWC Maastricht Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen |
Verv | Leiar i Unge Venstre 7. november 2021– |
Føregangar | Sondre Hansmark |
Verv | 1. nestleiar i Unge Venstre 1. november 2019–7. november 2021 |
Føregangar | Kjersti Konstanse Løfors |
Etterfylgjar | Timo Nikolaisen |
Alle verv |
|
Ane Breivik (fødd 3. juli 1998) er ein norsk politikar for Venstre frå Bærum i Viken. Frå november 2021 er ho leiar i Unge Venstre.[1][2] Breivik har tidlegare vore nestleiar av Unge Venstre[3] og sentralstyremedlem i ungdomspartiet. Frå februar 2021 var ho Hordaland Venstres 2. kandidat til Stortingsvalet 2021.[4] Breivik er 1. vara for Sveinung Rotevatn til Stortinget for perioden 2021–2025.[5]
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Breivik har tidlegare sete som sentralstyremedlem i ungdomspartiet,[6] og i januar 2020 blei ho den yngste lokallagsleiaren i eit av Venstres største lokallag, Bergen Venstre, nokonsinne.[7] Ho studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og har tidlegare gått på United World Colleges i Maastricht.

Foto: Johannes Østby
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Ane Breivik valgt til leder i Unge Venstre». ABC Nyheter (på norsk bokmål). Henta 6. november 2021.
- ↑ «Ane Breivik attvald som Unge Venstre-leiar: – Treng ikkje vere på TV kvar veke». Framtida (på norsk bokmål). Henta 25. november 2022.
- ↑ «Nye tillitsvalgte i Unge Venstre!». Unge Venstre (på norsk). 3. november 2019. Arkivert frå originalen 15. november 2019. Henta 4. februar 2020.
- ↑ «Ane Breivik». Venstre (på norsk bokmål). Henta 3. mars 2021.
- ↑ «Biografi: Breivik, Ane» (på norsk). Stortinget. 9. mars 2008. Henta 1. oktober 2021.
- ↑ «Valgkomiteens innstilling». Unge Venstre (på engelsk). 17. september 2018. Arkivert frå originalen 6. september 2019. Henta 4. februar 2020.
- ↑ «Ane Breivik er ny leder i Bergen Venstre - Bergen Venstre». Venstre (på norsk bokmål). 11. januar 2020. Henta 4. februar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Ane Breivik» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mars 2023.