Hopp til innhald

Ane Hansdatter Kismul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ane Hansdatter Kismul

Ane Hansdatter Kismul
Foto: Senterpartiet
Fødd8. mars 1980 (45 år)
Mosjøen
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
VervLeiar av Natur og Ungdom 2003–2005
FøregangarElin Lerum Boasson
EtterfylgjarBård Lahn
Alle verv
  • statssekretær (20122013) Sjå dette på Wikidata

Ane Hansdatter Kismul (fødd 8. mars 1980) i Mosjøen) er ein norsk politikar i Senterpartiet. Ho var leiar av miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom frå 2003 til 2005. Kismul var med i NU frå ho som femtenåring då ho var med på å setja i gang eit lokallag i Mosjøen, til ho nådde den øvre aldersgrensa for medlemskap på tjuefem.

Saman med andre miljøvernarar blei Kismul arrestert i november 2004 då dei demonstrerte mot boreriggen «Eirik Raude».

Frå 28. september 2012 til regjeringsskiftet etter stortingsvalet 2013 var Kismul statssekretær i Olje- og energidepartementet i Regjeringa Stoltenberg II.[1][2] Ho kom frå ei stilling som politisk rådgjevar i Landbruksdepartementet.[1]

  1. 1 2 «Ane Hansdatter Kismul (Sp) ny statssekretær i OED». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. 28. september 2012. Henta 9. oktober 2017.
  2. «Offisielt frå statsrådet 16. oktober 2013 kl. 10.00». Statsministerens kontor / Regjeringa.no. 16. oktober 2013. Henta 9. oktober 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]