Anerood Jugnauth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anerood Jugnauth
Anerood Jugnauth January 2013.jpg
Fødd29. mars 1930
Vacoas-Phoenix
Statsborgar avMauritius
PartiMauritian Militant Movement, Militant Socialist Movement
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedCity Law School
EktefelleSarojini Jugnauth
BarnPravind Jugnauth

Anerood Jugnauth (fødd 29. mars 1930) er ein mauritisk politikar frå byen Vacoas-Phoenix i distriktet Moka, og har site som både statsminister og president på Mauritius.

Han vart statsminister i landet fyrste gong i 1982, som Seewoosagur Ramgoolam sin etterfylgjar. Jugnuath vart sitjande i fire samanhengjande periodar, frå 1982 til 1995, og er med det den som til no har vore statsminister lengst på Mauritius. I år 2000 vart han statsminister på nytt, men gjekk av i 2003 då han vart etterfølgd av Paul Bérenger.

I 2003 vart Jugnauth vald til president, og han sat som president samanhengjande fram til 2012. I 2014 vann partiet hans valet og han vart utnemd til statsminister igjen. Han gjekk av att i januar 2017, på grunn av høg alder, og let sonen Pravind Jugnauth overta som statsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]