Anetta Garathun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anetta Garathun
Fødd 8. juli 1856
Død

15. mai 1950

Yrke forleggjar

Anetta Garathun (fødd 8. juli 1856 i Grytten i Møre og Romsdal, død 15. mai 1950)[1][2] var ein norsk forleggjar og mediekvinne. Ho dreiv Garathuns Forlagsbokhandel i dåverande Kristiania i seks år, mellom 1894 og 1902.[3]

Garathun stod for utgjevinga av 8 bøker på landsmål i tida ho dreiv forlag og bokhandel. Ho stod òg for utsendingar for Det norske Samlaget og tidsskriftet Syn og Segn. Seinare var ho tilsett som annonsesamlar for Vor Tid.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Folketeljinga frå 1910, lesen 10. januar 2011
  2. Dødsdato frå «Anetta Garathun» i Allkunne.no, lesen 10. januar 2011
  3. Kvinner i det sentrale målmiljøet før 1906 ved sprakrad.no, lesen 10. januar 2011
Spire Denne Noregartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.