Anette Tønsberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anette Tønsberg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. april 1970
Lørenskog
Idrett lengdeløp på skeiser
Yrke skøyteløpar

Anette Tønsberg (fødd 2. april 1970) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Lørenskog som vart norsk meister i firkamp seks gongar. Ho var medlem i Aurskog/Finstadbru Sportsklubb.

Tønsberg var aktiv frå 1987 til 2002. Frå 1944 til -98 vann ho fem rake norsk meisterskap i firkamp, ein sjette NM-tittel tok ho i sin siste sesong, 2002. Gjennom åra sanka ho 16 gullmedaljar i NM i enkeltdistansar; 5 på 1500 m, 6 på 3 000 m og 5 000 m. Internasjonalt var ein åttandeplass under Skeise-VM 1994 høgdepunktet. Ho deltok i vinter-OL i Albertville i 1992 og Nagano i 1998, utan å utmerke seg.

Tønsberg sette til saman 19 norske rekordar på dei tre lengste distanseøvingane, attåt 4 i firkamp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Store norske leksikon