Aneurin Bevan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Statue av Aneurin Bevan i Cardiff.

Aneurin Bevan (15. november 18976. juli 1960), også kjend som Nye Bevan, var ein britisk politikar. Som grunnleggar av det offentlege helsevesenet National Health Service (NHS) er han rekna som ein av dei største heltane på den britiske venstresida.

Ung arbeidar[endre | endre wikiteksten]

Bevan var valisar, fødd i Tredegar i Monmouthshire i Wales. Faren var gruvearbeidar, medlem i Independent Labour Party, og begge foreldra var ikkje-konformistiske kristne.

Aneurin Bevan blei også gruvearbeidar, og lokal fagforeiningsleiar i ung alder. Han fekk stipend frå fagrørsla og tok utdanning ved Central Labour College i London, der han blant anna fekk ein livslang respekt for Karl Marx. Etter han kom heim att i 1921 blei han nekta jobb og var arbeidslaus i periodar. Far hans døydde av lungesjukdom typisk for gruvearbeidarane i 1925.

Frå fagforeining til politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1926 arbeidde Bevan som betalt fagforeiningsfunksjonær, og noko av det første han fekk å gjere var å leie dei lokale gruvearbeidarane i det som blei generalstreiken dette året. I 1929 blei han vald inn i parlamentet for Labour Party frå kretsen Ebbw Vale. I parlamentet blei han raskt kjend som ein skarp kritikar av dei han meinte motarbeidde arbeidarklassen, både borgarlege som Churchill og Lloyd George, og til dømes Ramsay McDonald frå Labour.

Bevan var ein tidleg motstandar av fascismen, og agiterte for britisk støtte til venstresida i Spania under den spanske borgarkrigen. I 1936 gjekk han inn i leiinga i den nye radikale sosialistavisa Tribune, og han gjekk inn for ein samla sosialistisk front på heile venstresida, inkludert dei britiske kommunistane. Dette førte faktisk til at han blei mellombels ekskludert av Labour Party eit halvt års tid i 1939.

Bevan var sterkt imot utanrikspolitikken til Neville Chamberlain, og gjekk inn for at Winston Churchill skulle ta over makta i det konservative regjeringspartiet. Under krigen gjekk han inn for nasjonalisering av kolindustrien og opning av ein andre front i Vest-Europa for å avlaste Sovjetunionen i krigen mot Tyskland. Dette skjedde som kjent ikkje før sommaren 1944. Bevan meinte elles at krigen ville vise at sosiale endringar var nødvendige, noko han visstnok siterte Marx på i eininga.

På maktas tinder[endre | endre wikiteksten]

Da Labour Party vann valet i 1945 og skipa regjering, blei han helseminister i regjeringa til Clement Attlee. I dette parlamentet hadde Labour stort nok fleirtal til å få gjennomført planane om ein velferdsstat, trass i konstante åtak på Bevan frå dei konservative. I 1946 blei lova om «nasjonal forsikring» vedtatt, det blei innført trygdeordningar for bl.a. arbeidsløyse og sjukdom, og betre alderpensjonar. I 1948 blei så NHS vedtatt. Etter denne fekk britiske borgarar ei garantert gratis medisinsk grunnbehandling. Lova om NHS blir først og fremst kreditert Bevan, etter hans årelange kamp mot den farmasøytisk-medisinske lobbyen som sette seg tvert imot ei slik lov.

Under Koreakrigen gjekk Bevan ut av regjeringa. På 1950-talet leidde han venstrefløya i Labour Party, som blei kjend som «bevanittane».