Anfinn L. Refsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anfinn L. Refsdal
Fødd 4. juli 1839
Død

28. april 1920

Yrke politikar

Anfinn Larsson Refsdal (4. juli 183928. april 1920) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Vik i Sogn. Han var medlem av Moderate Venstre.

Refsdal var fødd på garden Orvedal, der mora hans var i frå. Han var fødd utanfor ekteskap, faren var ein jekteførar frå Balestrand. Frå 1861 var han omgangsskulehaldar. År 1865 avla han eksamen frå ein lærarskule på Balestrand, og byrja året etter som omgangsskulehaldar i Sogndal. Frå 1868 var han lærar og kyrkjesongar i Vik. Han skaffa seg ein liten gard til å skøyte på levemåten.

Refsdal var medlem av heradsstyret frå 1875, ordførar 1886-97 og 1902-07. Elles var han formann i skulestyret i både heradet og i amtet, frå 1901 også forlikskommissær. Styremedlem i lærarane sin landsorganisasjon.

Refsdal møtte på Stortinget i 1889 frå 4. mars som 1. varamann for Edvard Liljedahl og Nordre Bergenhus amt, medlem av konstitusjonskomiteen. Tida frå 1892 til 1900 hadde han fast plass på Stortinget. Han var då heile tida medlem av kyrkjekomiteen, samt Lagtinget frå 28. juli 1892. Valbolken 1903-06 var han 2. varamann, men møtte to periodar i 1905, samt heile 1905-06-sesjonen. Då var han fyrst medlem av Lagtinget og budsjettkomiteen, deretter av vegkomiteen. I 1905 var han til stades 7. juni.

Refsdal døydde på garden sin i Vik i 1920.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914