Angélique Kidjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Angélique Kidjo
Foto: Jarle Vines

Angélique Kidjo (fødd 14. juli 1960) er ein songar frå Benin med tilhald i Frankrike. Musikkstilen hennar er klart vestafrikansk, men inneheld òg mange element frå amerikanske og europeiske tradisjonar. Ho vert rekna som ein av dei store representantane for verdsmusikk, world music.

Kidjo kjem frå Ouidah i Benin. Ho voks opp med musikk, mora dreiv ei teatergruppe og let dottera opptre første gong då ho var seks. I tillegg til tradisjonell beninsk musikk høyrde ho òg brasiliansk musikk innført av innflyttarar frå Bahia. Ho høyrde òg på utanlandske artistar som Jimi Hendrix, Carlos Santana, Miriam Makeba, James Brown, Fela Kuti, Beatles og Aretha Franklin. Sjølv om det var uvanleg for kvinner i Benin å opptre offentleg som songarar, blei Kidjo ei av desse før ho var fylt tjue.

Politisk uro i heimlandet førte til at ho flytta til Paris i 1983. Ho var bakgrunnsvokalist i jazzbandet Pili Pili før ho starta si eiga musikkgruppe. Mot slutten av 1980-talet var ho blitt ein av dei best likte opptredande musikarane i byen. Fleire fengjande utgjevingar førde til at ho blei verdskjend, og ho har etter kvart samarbeida med kjende musikarar som Carlos Santana, Kelly Price, Branford Marsalis, Robbie Nevil og Cassandra Wilson.

Kidjo bruker både tradisjonelle songteknikkar frå Benin og jazzteknikkar som vocalese. Ho syng på alle dei fire språka ho snakkar, fon, joruba, fransk og engelsk. I tillegg bruker ho tulleord som høyrest vakre eller fengjande ut i nokre av songane sine.

Angélique Kidjo er gift med Jean Hebrail, ein bassist og komponist som er med på skapinga av albuma hennar.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Pretty (gjeve ut i Benin)
  • Parakou, 1990
  • Logozo, 1991
  • Aye, 1994
  • Wombo Lombo, 1996
  • Fifa, 1996
  • Keep On Moving: The Best Of Angelique Kidjo, 2001
  • Black Ivory Soul, 2002
  • Oyaya!, 2004