Anga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva, sjå Anga i Førde.
Dei «16 store rika» med Anga i aust, sør for Vridji og aust for Magadha.

Anga (sanskrit अंग, IAST aṅga) er eit historisk område nordaust i Sør-Asia. Det var eit viktig rike på 500-talet f.Kr. før det blei teke over av Magadha i same hundreåret.

Pandavabrørne kjempar mot kongen av Anga. Mogulillustrasjon til Mahabharata frå ca. 1598

Anga er eit av dei «seksten store rika» som er nemnde i buddhistiske tekstar som Anguttara Nikaya. Det er også nemnd i djaintekstar som Vyakhyaprajnapti, og i hinduverket Mahabharata.

I følgje informasjon frå Mahabharata låg riket i eit område som i dag tilhøyrer delstatane Bihar og Jharkhand i India, seinare også delar av Bengal. Elva Champa (dagens Chandan) danna grensa mot Magadha i vest medan nordgrensa var danna av elva Koshi.

Hovudstaden i riket var Champa (campā). Byen låg på høgresida av elva Ganges nær samanrenninga med Champa. han var ei tid særs rik, og var ein av seks viktige byar i Oldtids-India (Digha Nikaya). Bhagalpur i Bihar blir ofte identifisert som staden Champa låg, og omfattar to landsbyar kalla «Champa-nagara» og «Champa-pura».[1]

Ifølgje Mahabharata blei ein av pesonane i verket, Karna, utropt til konge av Anga av herskaren Duryodhana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. G.P. Malalasekera, Dictionary of Pali Proper Names. 1937.