Angedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fakta om Angedalen
Kommune: Førde
Fylke: Sogn og Fjordane
Folkemengd: 350 (-)
Postnummer: 6800 (same som Førde)

Angedalen er ein botnedal som strekker seg ca 20 kilometer nord-aust frå Førde sentrum. Innbyggjartalet er på ca. 350 personar. Angedalen har ein barneskule med kring 40 elevar på klassetrinn 1 til 7.

I Angedalen blei det tidleg på 1800-talet oppretta eit eige epidemisjukehus etter at ein epidemi kom til regionen med soldatar som hadde vore i krig i Sverige kom tilbake til Fjordane.

Det har også vore drive gullgraving i området, i Flugedalen, som er ein del av Angedalen. På Furebø finst det ein bautastein – som etter undersøkingar i 2007 viste seg å vere frå 1500 til 2000 år gamal. Saman med ein steinsett sirkel rundt, på 8 m i diameter viser det at dette er ei høvdinggrav. Det har tidlegare vore konstatert fleire gravhaugar i området, men desse har gått tapt ved jorddyrking.

På Furebø budde også fredsbonden Andreas Sørensen Ramstad. Han var oppteken av at dei 3 nordiske landa, Danmark, Sverige og Noreg burde halde saman. Då det i 1905 gjekk mot oppløysing av unionen med Sverige reiste han først av alle tanken om å få sett opp eit fredsmonument på grensa mellom Noreg og Sverige. Dette monumentet kom etter intenst arbeid og kan sjåast på Magnor. Heime på tunet hadde Andreas tre flaggstenger – med norsk, svensk og dansk flagg.

Angedalen har mange turmoglegheiter – til dømes kan ein gå skogsvegen til Botnavatnet 414 moh, eller topptur til det høgste fjellet, Sandfjellet, på 1249 moh. Trodalen er eit anna turområde, som er knytt til historia om Trodalsmordet i 1839.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]