Hopp til innhald

Angela Hauck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angela Hauck


StatsborgarskapDen tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd2. oktober 1965 (60 år)
Berlin
Idrettlengdeløp på skeiser
Tok del i Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994
Utmerkingar Fedrelandets fortjenstorden i sølv

Angela Hauck, fødd Stahnke, (fødd 2. oktober 1965) er ein tysk tidlegare skeiseløpar frå Berlin. Ho vart verdsmeister i sprint-firkamp 1990 i Tromsø.

Hauck tevla internasjonalt frå 1982 til -94, representerte Aust-Tyskland til 1990. Åra 1982, 1983 og 1984 vart ho junior-verdsmeister i firekamp. Ved verdsmeisterskapen i sprint 1985 i Heerenveen kom ho på andreplass. Dei komande åra høyrde ho til mellom dei fremste på sprintdistansane i kvinneleg skeiseport, men låg jamnt i skuggen av landskvinnene Karin Enke og Christa Rothenburger. Under dei olympiske vinterleikane 1988Calgary vart Stahnke nummer 4 på 500 meter og 6 på 1000 m. Året etter var ho med i sigerskampen ved sprint-verdsmeisterskapen i Heerenveen, men datt frå ein sikker pallplass på den avsluttande 1000-meteren.

26. februar 1990 gjekk ho heilt til topps då sprint-VM vart avvikla i Tromsø, 0,305 tidspoeng framom Bonnie Blair frå USA. Vinteren 1994 presterte Hauck livsbeste på både 500 og 1000 meter under sprint-VM i Calgary, og kneip andreplassen i meisterskapen bak suverene Bonnie Blair. Ved sesongslutt la Hauck la opp.

I 1988 gifta Stahnke seg med Stephan Hauck, landslagsspelar i handball for Aust-Tyskland/Tyskland.