Angelina Engelsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Angelina Engelsen
Fødd 25. juni 1948
Yrke bilethoggar
Skulptur av Angelina Engelsen, 2009

Angelina Engelsen (fødd 25. juni 1948Kapp på Toten) er ein norsk bilethoggar. Ho arbeider i tre, betong og bronse.[1]

Angelina Engelsen er dotter av treskjeraren Henning Engelsen og Ingrid Gullerud og syster av bilethoggaren Elena Engelsen. Ho utdanna seg ved Statens håndverks- og kunstindustriskole, Treskjerarskulen i Oberammergau, Hochschule für Bildende Künste i Dresden og Statens Kunstakademi under Per Palle Storm.

Ho debuterte på Haustutstillinga i 1977, og med separatutstilling på Galleri Tanum i 1978.

Engelsen har hatt ei rekkje utsmykkingsoppdrag og offentlege arbeid, blant andre prisen for Årets budeie, Oppland fylkeskommune sin pris for forsking og utvikling, Sparre Olsen-prisen, prisen til den årlege Hestegallaen, byste av diktaren Marie Wexelsen, byste av Rolf Bækkelund, minnesmerke over Bastian Haugland, utsmykking på Norsk Hestesenter, Raufoss eldresenter, Gran psykiatriske sjukehus og Jørstadmoen militærleir.

Angelina Engelsen utformar òg prototypar for produksjon i treskjerarverksemda HENNING, som blei skipa av far hennar i 1947. Ho mottok kunstnarstipendet til Oppland fylkeskommune i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alfsen, Glenny (20. februar 2017). «Angelina Engelsen». Norsk kunstnerleksikon (på bokmål).