Angelo Domenghini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angelo Domenghini
Personleg informasjon
Fullt namn Angelo Domenghini
Fødd 25. august 1941
Fødestad Lallio
Høgd 175 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1960–1964 Atalanta 69 (17)
1964–1969 Inter 134 (50)
1969–1973 Cagliari 99 (18)
1973–1974 Roma 30 (4)
1974–1976 Verona 28 (3)
1976–1977 Foggia 17 (4)
1977–1978 Olbia 21 (10)
1978–1979 Trento 19 (3)
Totalt 417 (109)
Landslag
1963–1972 Italia 33 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Angelo Domenghini (fødd 25. august 1941) er italiensk, tidlegare fotballspelar frå Lallio i Bergamo-provinsen, som mellom 1963 og -72 spela 33 landskampar for Italia. Han deltok for Italia i EM-finalen 1968 og VM-finalen 1970. Klubbspelaren Domenghini vert særleg hugsa for si tid i Inter, men hadde også suksess med Atalanta og Cagliari.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Domenghini spela seg inn på fyrstelaget til Serie A-klubben Atalanta i 1962. Han skåra alle tre måla då Atalanta vart cupmeister 2. juni 1963, med 3-1 over Torino. Sommaren 1964 vart han overført til Inter, som nett då var i si stordomstid og fekk tilnamnet Grande Inter. Dei to fyrste av fem sesongar med Inter var han med å vinne den italienske seriemeisterskapen. Perioden 1969-73 spela han for Cagliari, ein klubb som i hans fyrste sesong vann Serie A for fyrste og hittil siste gong. For den sardinske klubben spela han ei viktig rolle som makkar til storskåraren Luigi Riva. Etter 1973 spela Domenghini ein sesong eller to for høvesvis AS Roma, Verona, Foggia, Olbia og Trento, til dess han la opp som aktiv i 1979.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Domenghini debuterte for Italia hausten 1963. Fyrst våren 1966 fekk han sin andre landskamp og var deretter rimeleg fast i landslagsellevaren fram til 1970. I den fyrste finalekampen under EM i fotball 1968 utlikna han til 1-1 i det 80. minutt mot Jugoslavia, og sikra dermed omkamp for Italia, som to dagar seinare vann omkampen i Roma med 2-0. To år seinare spela han alle kampane for Italia under VM 1970 i Mexico, der det i finalen vart tap 1-4 mot Brasil. Han spela sin 33. og siste landskamp den 29. april 1972, i alt skåra han sju landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • EM-gull 1968 for Italia
  • VM-sølv 1970 for Italia
  • Italiensk seriemeister 1965 og 1966 med Inter
  • Italiensk seriemeister 1970 med Cagliari
  • Italiensk cupmeister 1963 med Atalanta

Kjelder[endre | endre wikiteksten]