Angelo Peruzzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angelo Peruzzi
Fødd 16. februar 1970
Fødestad Blera

Angelo Peruzzi fødd 16. februar 1970 er ein italiensk fotballspelar og trenar. Han var målvakt på det suksessrike Juventus-laget i tida 1991-99, eit mannskap som spelte seg fram til fem finalar i europeiske klubbturneringar, to av dei enda med triumf. I tida 1995-2005 var han landslagsmålvakt i 31 kampar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Peruzzi var aktiv i AS Roma, Hellas Verona, Juventus, FC Inter og SS Lazio. Med Juventus vart han seriemeister tre gongar og han var med om å vinne UEFA-cupen 1993, Meisterligaen 1996 og den nasjonale cupmeisterskapen i 1995. Han spelte også finalen i UEFA-cupen 1995 og i meisterligafinalen i så vel 1997 som i 1998. Sidan vart Peruzzi nasjonal cupmeister 2004 med Lazio, etter samanlagt 4-2 over Juventus.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Peruzzi deltok på Italia sitt OL-landslag i 1992. Han debuterte på A-landslaget i mars 1995 og spelte 26 kampar i tida fram til Italia fekk besøk av Noreg til vennskapskamp i Pisa 10. februar 1999. I den fireårsperioden vakta han Italias mål under EM i fotball 1996. Etter fem år utan landskamp fekk Peruzzi stå i mål for Italia i fem kampar i 2004-05. Han var med i EM-troppa 2004 og den suksessrike VM-troppa 2006, utan å kome på bana i korje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]