Angelos Basinas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Angelos Basinas
Basinas 2008.jpg
Verkeleg namn Άγγελος Μπασινάς
Fødd 3. januar 1976
Khalkída
Yrke fotballspelar
Angelos Basinas på Commons

Angelos Basinas (fødd 3. januar 1976) er ein gresk tidlegare fotballspelar frå Khalkida som vart europameister med Hellas i 2004. Midtbanespelaren spelte 100 landskampar i tida 1999-2009 og var med vinne den nasjonale cupen og toppserien med Panathinaikos, også det i 2004.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Etter to år på benken i den greske storklubben Panathinaikos, var Basinas fast på laget i tida 1997-2005. Han fekk såleis med seg dobbeltriumfen våren 2004, då laget frå Athen vann både serien og cupen i Hellas. Hausten 2005 rauk han uklar med trenaren og vart sett ut av laget. I januar 2006 skreiv han kontrakt med Real Mallorca i den spanske La Liga, der han var aktiv fram til juni 2008. Etter eit ganske kort mellomspel i AEK Athen, vart han i februar 2009 overført til engelske Portsmouth. Sommaren 2010, etter at Portsmouth hadde rykt ned frå Premier League, gjekk Basinas til AC Arles-Avignon i Frankrike, men la opp allereie i oktober same året.

Basinas landslagsdebuterte 18. august 1999 mot El Salvador. I 2004 var han med på å vinne fotball-EM i Portugal, etter finaleseier 1-0 over vertsnasjonen. Frå våren 2007 var Basinas lagkaptein på landslaget. Den 1. april 2009 var han benka då Hellas vann 2-1 over Israel i Heraklion, men fekk kome inn på bana få minuttar før slutt, til si 100. og siste opptreden i gresk landslagsdrakt. Han skåra sju landslagsmål, fem av dei på straffespark.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 2004 med Hellas
  • Gresk seriemeister: 2004 med Panathinaikos
  • Gresk cupmeister: 2004 med Panathinaikos

Kjelder[endre | endre wikiteksten]