Angelsaksisk litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sankt Edmund martyren, krona av englar, frå eit manuskript ved Bury St Edmunds ca 1130.
Fyrstesida til Peterborough-krønika, sannsynlegvis nedskrive ein gong rundt 1150, og er ein av dei viktigaste kjeldene til Den angelsaksiske krønika.

Angelsaksisk litteratur, også kalla gammalengelsk litteratur, omfattar litteraturen som blei skriven på angelsaksisk (gammalengelsk) i løpet av den 600 år lange angelsaksiske perioden i England, frå midten av 400-talet og fram til den normanniske erobringa av England i 1066. Tekstane dekker sjangrar som episke og kortare dikt, hagiografiar (helgenbiografiar), preiker (forkynningar), bibelomsettingar, lovverk, krøniker, gåter og anna. I alt er det blitt bevart rundt 400 manuskript frå denne perioden, ein betydeleg korpus (mengd) som har interesse både for allmennheita og vitskapeleg forsking.

Eit av dei viktigaste verka frå den angelsaksiske perioden er diktet Beowulf som har fått ein status i England som eit nasjonalepos. Den angelsaksiske krønika er betydingsfull som ein historisk dokumentasjon av perioden ved å vera kronologi av tidleg engelsk historie, mens det korte religiøse diktet Cædmons hymne frå 600-talet er det eldste bevarte litterære verket på engelsk. Av angelsaksisk poesi, som kan bli betrakta som mest betydingsfull innanfor angelsaksisk litteratur, er det ikkje bevart meir enn til saman 30 000 diktlinjer.

Angelsaksisk litteratur har gått gjennom ulike forskingsperiodar. På 1800-talet og tidleg på 1900-talet var fokuset plassert på dei germanske røtene til England, seinare blei dei litterære kvalitetane framheva, og i dagens forsking er hovudvekta plassert på paleografi, den filologiske forskinga innanfor utviklinga til skrifta og bruken i eldre tid samt lesing og tolking av handskrifter, og dei fysiske manuskripta i seg sjølve. Forskarane diskuterer ulike emne som datering, opphavsstad, forfattarskap, og samanhengen mellom angelsaksisk litteratur og det øvrige Europa i mellomalderen.

Oversikt[endre | endre wikiteksten]

Eit stort tal angelsaksiske manuskript er bevarde. Nokre er frå 600-talet, men dei fleste er frå 800-talet til 1100-talet, både på latin og på morsmålet. Angelsaksisk litteratur er blant dei eldste morsmålsspråka som blei skrivne ned. Angelsaksisk begynte i skriftleg form, som var naudsynt i kjølvatnet av dei danske invasjonane – autoritetane i kyrkja var urolege ettersom det var eit kunnskapsfall i latin slik at stadig færre var i stand til å lesa verka deira. På same tid hadde kong Alfred den store (849–899) eit bevisst ønske om å gjenopprette engelsk kultur mens han beklaga den sørgjelege tilstanden til latinundervisninga:

«Så generell var [undervisingas] forfall i England at det var nå berre nokre få på denne sida av Humber som kunne... omsetta eit brev frå latin til engelsk; og eg meiner at det ikkje var mange bortanfor Humber heller». (Pastoral omsorg, innleiing).[treng kjelde]

Kong Alfred bemerka at mens svært få kunne lesa latin var det framleis mange som kunne lesa angelsaksisk. Han føreslo derfor at studentane burde bli utdanna i morsmålet, og dei som utmerkte seg burde deretter studera latin. Av denne grunnen er mange av dei tekstane som er blitt bevart i utgangspunktet som læretekstar eller studentorienterte tekstar.

Bevarte manuskript[endre | endre wikiteksten]

Det er totalt sett omtrent 400 bevarte manuskript som inneheld angelsaksiske tekstar, 189 av dei er betrakta som betydelege. Desse manuskripta har blitt svært høgt prisa av samlarar sidan 1500-talet, både for den historiske verdien deira og fordi dei er estetisk vakre med bokstavar med einskaplege mellomrom og dekorative element.

Det er fire særs betydelege manuskript:

Forskinga på 1900-talet fokuserte på dateringa av manuskripta da forskarar på 1800-talet hadde ein tendens til å gjera dei eldre enn moderne forskarar kan fastslå. Forskinga har også fokusert på kor manuskripta blei skrivne ned, og det var sju betydelege scriptoria der dei har opphavet sitt frå: Winchester, Exeter, Worcester, Abingdon, Durham, og to hus i Canterbury, Christ Church og St. Augustine. Eit tredje fokus har vore å identifisera dei respektive regionale dialektane som har vore brukt. Det var fire dialektar: norminiriansk frå Norminiria, merciansk frå Mercia, kentisk frå Kent, og vestsaksisk frå Wessex, der sistnemnte var den mest utbreidde.

Ikkje alle tekstane kan rimelegvis bli karakteriserte som litteratur; somme er berre lister av namn eller avbrotne skriveøvingar. Likevel er dei fleste litterære tekstar: preiker og helgenbiografiar (dei mest talrike), bibelske omsettingar, omsette latinske verk av dei tidlege kyrkjefedrane, angelsaksiske krøniker og forteljande historietekstar, lovtekstar, testamente og andre rettslege verk, praktiske tekstar innanfor grammatikk, medisin, geografi og ikkje minst poesi.

Med nokre få unntak er bortimot samtlege angelsaksiske forfattarar anonyme.

Gammalengelsk poesi[endre | endre wikiteksten]

Fyrste side av Beowulf, som foreligg i den øydelagde manuskriptsamlinga Nowellkodeksen.
Den ærverdige Bede som omset Johannes, 1902, måleri av James Doyle Penrose (1862-1932).

Gammalengelsk poesi består av to typar: dei heroiske germanske førkristne og dei kristne. Den har blitt bevart hovudsakleg i fire større manuskript.

Angelsaksarane etterlèt seg ikkje eit poetisk regelsett eller eit bestemt poetisk system. Den store spennvidda i tid har gjort forståinga av dikta vanskelege, også at dei orda som blei brukt hadde både andre og fleirfaldige tydingar, noko som gir både dobbel og til dels mangetydig forståing. Alt som er kjent om poesien frå denne perioden er basert på moderne analyser. Den fyrste omfattande teorien blei konstruert av Eduard Sievers (1885). Han skilte mellom fem bestemte mønster av stavrim. Teorien til John C. Pope (1942), som brukar musikalske notasjonar for å fylgja versmønstra, har blitt akseptert i ein del sirklar. Kvart tiår har forskinga sett fram ein meir eller mindre ny teori og som deretter har blitt omfattande diskutert.

Den mest populære og kjente forståinga av gammalengelsk poesi er framleis teorien til Sievers om allitterasjon eller bokstavrim, altså dei gjentatte overeinsstemmande og harmoniske lydane i ord som står nær kvarandre.

Systemet er basert på aksent og trykkbetoningar, stavrim, mengda av vokalar, og mønstra i stavingsdannande betoning og framheving. Den består av fem forskjellige kombinasjonar av eit verseskjema eller grunnvers. Kva som helst av dei fem typane kan bli brukt i kva som helst vers. Systemet blei arva frå og eksisterte i ei eller anna form innanfor samtlege eldre germanske språk, også den norrøne (sjå Norrøn litteratur). To poetiske figurar som ofte blir funne i gammalengelsk poesi er kjenningar, det vil seia ei formalistisk frase som beskriv ein gjenstand i høve til ein annan. (I Beowulf blir «sjøen» poetisk omskrive som «vegen åt svana»). Den andre figuren er litotes, underdrivingar, eit dramatisk uttrykk gitt av forfattaren for den ironiske effekten dens.

Grovt sett er gammalengelske verselinjer delt i to ved bruk av pause. Omgrepet for dette opphaldet er cesur («caesura»). Kvar halvlinje har to trykkstavingar og skal knytast saman ved hjelp av bokstavrim. Den fyrste trykkstavinga av den andre halvlinja skal rima med den eine eller begge av dei trykkstavingane i fyrste halvlinje (meininga er at dei trykkbetonte stavingane i fyrste halvlinje skal rima med kvarandre). Den andre trykkstavinga av andre halvlinje skal ikkje rima med korkje den eine eller den andre trykkstavinga av fyrste halvlinje.

fyrene fremman feond on helle.
(«å begå kvaler, djevel i helvete.» / «to perpetrate torment, fiend of hell.»)
-- Beowulf, linje 101

Gammalengelsk poesi var ein muntneg kunstart, og den moderne forståinga vi har av han i skriven form er ufullstendig. Til dømes veit vi at poeten (referert til hos angelsaksarar som «scop», tilsvarande omgrep som det norrøne «skald») kunne bli fylgt av harpespel, og det kan ha vore andre lyttetradisjonar som nå er ukjende.

Poesi representerer den minste delen av bevarte gammalengelske tekstar, men den angelsaksiske kulturen hadde ein rik tradisjon av munnleg litteratur der svært lite har blitt bevart i skriftleg form for ettertida.

Poetane[endre | endre wikiteksten]

De fleste av dei gammalengelske poetane er ukjente og anonyme, tolv er kjent ved namn frå mellomalderkjelder, men berre fire av desse er kjente frå verka deira på morsmålet: Cædmon, Bede, kong Alfred og Cynewulf. Av desse er det berre Cædmon, Bede, og Alfred som har biografiar.

Cædmon er den mest kjente og har blir kalla faren til gammalengelsk poesi, til tross for at den litterære kvaliteten i dag ikkje er like iaugnefallande. Han levde i klosteret ved Whitby i Norminiria600-talet. Berre eitt enkelt dikt på ni linjer, kalla Hymne eller tradisjonelt for Cædmons hymne, er bevart etter han. Det er også den eldste bevarte teksten på engelsk (frå manuskriptet St Petersburg Bede):

Engelsk gjendikting: Norsk omsetting:
Now let us praise the Guardian of the Kingdom of Heaven

the might of the Creator and the thought of his mind,
the work of the glorious Father, how He, the eternal Lord
established the beginning of every wonder.
For the sons of men, He, the Holy Creator
first made heaven as a roof, then the
Keeper of mankind, the eternal Lord
God Almighty afterwards made the middle world
the earth, for men.

Lat oss no prisa vaktaren av kongeriket i himmelen

Skaparens makt og tankane i hans sinn
den herlege Faderens gjerningar, korleis Han, den evige Herren
la grunnen for byrjinga på kvart underverk.
For menneskesønene gjorde Han, den heilage Skaparen
fyrst himmelen som tak, deretter,
laga vaktaren for Menneska, den evige Herren
Gud den allmektige, Mellomverda,
Jorda, for menneska.

Aldhelm, biskop av Sherborne (død 709), er kjent via William av Malmesbury (død ca 1143) som skreiv at Aldhelm framførte verdslege dikt på morsmålet akkompagnert av ei harpe. Ein god del av den latinske prosaen hans har blitt bevart, men om han skreiv eigne dikt eller berre framførte andre sine, er ukjent, da ingenting av han er blitt bevart på gammalengelsk.

Cynewulf er eit namn som ligg heilt i mørker og har vist seg umogleg å identifisera, men nyare forsking har føreslått at han levde på den fyrste delen av 800-talet. Ei rekkje dikt er blitt tilskrivne han, blant anna Skjebnane åt Apostlane og Elene (begge funne i Vercelliboka), og Kristus II og Juliana (begge funne i Exeterboka).

Heroiske dikt[endre | endre wikiteksten]

Eit utdrag av «C-teksten» av Den angelsaksiske krønika som viser kor vakker angelsaksisk skrift kan vera.

Den angelsaksiske poesien som har fått mest merksemd handlar om den germanske, heroiske fortida. Det lengste og viktigaste verket er Beowulf på 3182 linjer. Verket finst òg i den øydelagde Nowellkodeksen. Diktet fortel historia om den legendariske helten Beowulf frå Gøtaland som diktet også har fått namnet sitt etter. Forteljinga er plassert i Norden, i Sverige og Danmark, og forteljinga har såleis eit nordisk opphav. Forteljinga er biografisk og sette tonen for det meste av den øvrige angelsaksiske poesien. Det har fått status som nasjonalepos i England på same vis som Illiaden har det for Hellas. Verket er av stor interesse for historikarar, antropologar, litteraturforskarar og studentar verda over.

Ved sida av Beowulf eksisterte det også andre heltedikt. To heroiske dikt har blitt bevart i fragmentar: Finnsborgstriden, ei gjenforteljing av eitt av slaga i Beowulf (sjølv om tilknytinga til Beowulf er omdiskutert), og Waldere, ein versjon av hendingane i Walter av Aquitaines liv. To andre dikt nemner heroiske figurar: ein trur at Widsith er svært gammal i delar av verket, og han blir datert tilbake til hendingar på 300-talet som omhandlar Ermanarik og austgotarane. Det inneheld ein katalog av namn og stader assosiert til tapre dådar. Diktet Deor er lyrisk, i stil med Filosofiens trøyst av Boëthius. Dette brukar eksempel på berømte heltar, blant anna Ermanarik og Weland (som au finst i norrøn dikting som Volund smed), til forteljarens eige føremål.

Den angelsaksiske krønika inneheld ulike heltedikt spreidd gjennom teksten. Det tidlegaste er frå år 937 og er kalla Slaget ved Brunanburh. Det markerer sigeren til kong Adalstein av England over ein felles hærstyrke av skottar og norrøne menn. Det finst også fem kortare dikt: erobring av dei fem burghane (942); kroninga av kong Edgar (973); døden til prins Alfred (1036); og døden til Edvard Vedkjennaren (1065).

Det 325 linjer lange diktet Slaget ved Maldon omtaler jarl Byrhtnoth og mennene hans som fall i eit slag mot vikingar i år 991. Det er betrakta som eit av dei vakraste dikta, sjølv om både byrjinga og slutten har gått tapt, og det einaste gjenverande manuskriptet blei øydelagt i ein brann i 1731 (framleis bevart i avskrift). Hovudemnet i diktet er truskapen krigaren har til herren og føraren sin, noko som er eit av dei mest sentrale temaa innanfor angelsaksisk dikting. Ein karakteristisk og velkjent tale er den som Byrhtwold heldt mot slutten av diktet:

Engelsk gjendikting: Norsk omsetting:
«Thought shall be the harder, the heart the keener, courage the greater, as our strength lessens.

Here lies our leader all cut down, the valiant man in the dust;
a always may he mourn who now thinks to turn away from this warplay.
I am old, I will not go away, but I plan to lie down by the side of my lord, by the man so dearly loved.»

«Vilja vår skal vekse, hjartet vårt bli dristigare, motet vårt større når slagkrafta vår minkar.

Her ligg leiaren vår fallen, den tapre mannen liggande i støvet;
alltid skal han angre den som no vik frå valen.
Eg er gammal, eg vil ikkje vika, men aktar å liggja ved sida av herren min, ved den mannen så djupt sakna.»

Angelsaksisk heltedikting blei overlevert munnleg frå generasjon til generasjon. Etter kvart som kristendomen blei innført begynte forteljarane å leggja kristne motiv inn i dei gamle heroiske forteljingane.

Elegisk poesi[endre | endre wikiteksten]

«Beowulf og draken», frå ein barnebokillustrasjon i Stories of Beowulf av J. R. Skelton, 1908.

Knytt til heroiske forteljingar er eit tal kortare dikt frå Exeterboka som er blitt skildra som «elegiar» (klagesongar)[1] eller «visdomspoesi»[2][3]

Dei er lyriske og lik diktinga til Boëthius i beskrivingane deira av lagnaden: hell og ulukker i livet. Dyster og tungsindig er diktet Ruinen som det er verdt å leggja merke til. Det fortel om inntrykket av forfallet av ein fordums storarta by i romersk Britannia (dei engelske byane forfall etter at romarane trekte seg ut tidleg på 400-talet mens dei tidlege engelskmennane fortsette jordbrukslivet sitt), og Vandringsmannen (The Wanderer), der ein eldre mann talar om eit åtak som skjedde i ungdomen hans og der venene og ætta hans blei drepne; minna om slakting har vore med han heile livet. Han tvilar på klokskapen i den valdsame beslutninga om å gå imot ein mogleg overlegen hærstyrke: den vise deltek i krigen for å bevara samfunnet og spring ikkje hovudstups ut i krigen, men søkjer forbundsfeller når stridspartane er av ulik styrke.

Denne poeten finn lita ære i byrgskap for byrgskapens skuld. Sjøfararen (The Seafarer) er forteljinga om ein melankolsk avskjed frå heimen på sjøen, der det einaste håpet om forsoning er gleda i himmelen. Andre visdomsdikt inkluderer Wulf og Eadwacer, Hustruas klagesong (The Wife's Lament), og Ektemannens beskjed (The Husband's Message). Kong Alfred av England skreiv eit visdomsdikt over forløpet til regimet hans, laust basert på den nyplatoniske filosofien til Boëthius som kongen kalla for songane til Boëthius (Lays of Boethius). Samtlege titlar over er av seinare dato. Dei angelsaksiske dikta brukte ikkje titlar.

Klassisk og latinsk poesi[endre | endre wikiteksten]

Den heilage Helena fekk også biografien sin skriven på gammalengelsk, her avbilda i Peterskyrkja.

Fleire gammalengelske dikt er tilpassingar av seinklassiske filosofiske tekstar. Det lengste er ei omsetting av Boëthius’ Filosofiens trøyst som blei bevart i Cotton-biblioteket. Et anna er Føniks (The Phoenix) i Exeterboka, ein allegorisering av De ave phoenice av Lactantius.

Andre kortare dikt er avleia frå den latinske tradisjonen med bestiarier, det vil seia dyrefablar. Nokre eksempel er Panteren (The Panther), Kvalen (The Whale) og Åkerhøna (The Partridge).

Kristen poesi[endre | endre wikiteksten]

Helgenanes liv

Vercelliboka og Exeterboka inneheld fire lange forteljande dikt om helgenanes liv, hagiografi. I Vercelliboka er dikta Andreas og Elene, og i Exeterboka er Guthlac og Juliana.

Andreas er 1722 linjer langt og det som er det lengste og som står nærast av dei bevarte angelsaksiske dikta til Beowulf i tonelag og stil. Det er forteljinga om apostelen Andreas og reisa hans for å redde apostelen Matteus. Elene er forteljinga om sankt Helena, mor til keisar Konstantin den store, og korleis ho oppdaga Den sanne krossen. Kulta rundt Den sanne krossen var populær i det angelsaksiske England og dette diktet var medverkande til populariteten ho fekk.

Guthlac var eigentleg to dikt om sankt Guthlac, ein engelsk helgen frå 600-talet, medan Juliana er forteljinga om jomfrumartyren Juliana av Nikomedia.

Bibelske parafraser

Junius-manuskriptet inneheld tre parafrasar frå Det gamle testamentet. Desse var omskrivningar av bibelske avsnitt til angelsaksisk, og er ikkje nøyaktig omsettingar, men ein parafrase, stundom overført til vakker poesi i sin eigen rett. Det fyrste og lengste er Genesis (frå fyrste Mosebok), det andre er Exodus (frå andre Mosebok), og det tredje er Daniel (frå Daniels bok).

Nowellkodeksen inneheld ein bibelsk parafrase som kjem rett etter Beowulf som blir kalla Judit. Det er ei gjenforteljing av Judits bok. Denne må ikkje forvekslast med Ælfric av Eynshams homilie Judit som gjenfortel den same bibelforteljinga i prosa med stavrim.

Dei bibelske Salmane 51-150 er bevart og etterfylgjer ein prosaversjon av dei fyrste 50 salmane. Dette var truleg ein gong ei fullstendig utgåve av Davids salmar, men berre dei siste 100 har overlevd.

Det er eit tal omsettingar på vers av Gloria in Excelsis Deo (Ære vere Gud i det høgste), Fader vår, og Den apostoliske truvedkjenninga, forutan ei rekkje hymner og ordtak.

Kristne dikt

Forteljingar frå Bibelen blei omsett og bearbeidd, som legender om Den sanne krossen og kong Salomo, her vist i eit renessansemåleri av Piero della Francesca, møtet mellom Salomo og dronninga av Saba, 1492.

I tillegg til bibelske parafrasar er ei rekkje originale religiøse dikt, hovudsakleg lyriske (ikkje-forteljande).

Exeterboka inneheld ei rekke dikt med tittelen Kristus, delt inn som Kristus I, Kristus II og Kristus III.

Mange meiner det vakraste av alle angelsaksiske dikt er Draumen om Kristi kross (Dream of the Rood), bevart i Vercelliboka. Det er ein draumevisjon av Kristuskrossen, der krossen i seg sjølv er personifisert, og talar såleis:

«Mang ein kval og kvide bar eg på berget;
Eg såg Allheims Gud utstrekt i pine.
Så omhylla mørkret lekamen til Herren,
Den skire venleik; skuggar dreiv
Svarte under himmelen. Heile skapningen gret,
Syrgja over Kongens fall. Krist var på krossen!»
-- (Draumen om Kristi kross)[4]

Drøymaren vel å stola på krossen, og draumen endar med ein visjon om himmelen.

Det er eit tal religiøse diskusjonsdikt. Det lengste er Kristus og Satan i Junius-manuskriptet som handlar om konflikten mellom Kristus og Satan i løpet av dei førti dagane i ørkenen. eit anna diskusjonsdikt er Salomo og Saturn, bevart i ei rekke tekstfragment. Saturn er portrettert som ein trollmann som diskuterer med den vise kong Salomo.

Andre typar dikt[endre | endre wikiteksten]

Andre poetiske former som eksisterte i angelsaksisk litteratur inkluderte gåter, korte vers, gnomer (frå gresk, «å vita», ei form for utsegn), og mnemoniske dikt for å hugsa lange lister med namn.

Exeterboka har ei samling på 95 gåter. Svaret fylgjer ikkje med gåtene, nokre av dei er kjende og blir framleis bruka som gåter i dagleglivet, men somme av dei har ukjende svar.

I margane på manuskripta har ein funne korte vers som tilbyr praktiske råd. Her er bøtemiddel mot tap av krøter, korleis å handtera ein forseinka fødsel, om bisvermar, og anna. Det lengste blir kalla Ni urtetrolldommar (Nine Herbs Charm), og er sannsynlegvis av førkristent og heidensk opphav.

Det finst også ei gruppe av mnemoniske dikt som vart skrivne ned for å hjelpa med å pugga namnelister. Desse dikta er kalla for Menologium, Skjebnane åt Apostlane (The Fates of the Apostles), Runediktet (The Rune Poem), Fastesesongane (The Seasons for Fasting) og Instruksjonar for kristne (Instructions for Christians).

Særeigne trekk ved angelsaksisk poesi[endre | endre wikiteksten]

Likningar, synonym og allegoriar[endre | endre wikiteksten]

Miniatyr frå New Minster Charter, 966, som viser kong Edgar flankert av Jomfru Maria og Sankt Peter som presenterer eit fridomsbrev («charter») til Kristus.

Angelsaksisk poesi er markert av ein særeigen bruk av likningar eller synonym, noko som er ein konsekvens av både strukturen og den hyppige bruken av tekstbilete. Den utstrekte synonymbruken hadde sin grunn i dei krava som bokstavrimet kravde av poeten, men variasjonen var eit anna verkemiddel ved at det blei brukt fleire ord for same meininga.

Angelsaksisk poesi har ein dramatisk stil med rask gangart, og er fylgjeleg ikkje samanliknbar med eksempelvis den vidstrakte, dekorative stilen i den irsk-keltiske poesien frå same perioden. Der ein irsk poet kunne bruka tre eller fire samanlikningar for å understreka eit poeng var den angelsaksiske poeten fornøgd med ei enkelt kjenning før diktet sprang vidare (sjå irsk poesi).

Dette kjem også til uttrykk i avhengnaden angelsaksisk dikting har til metaforar, spesielt bruken av kjenningar. Eit døme på dette finst i Vandringsmannen (The Wanderer) der ei slagscene blir referert til som ein «storm av spyd»[5] Denne referansen til eit slag gir lesaren høve til å sjå korleis angelsaksarane såg på krig: uberekneleg, kaotisk, brutal, og kanskje også som ein naturfunksjon. Det er desse stilistiske og tematiske elementa ein bør ha i minne når ein fyrste gongen tilnærmar seg angelsaksisk eller gammalengelsk poesi.

Digresjonar og eigne poetiske ord[endre | endre wikiteksten]

Digresjonar har i dag negativ klang, men når forteljaren av Beowulf trår ut av hovudhandlinga skjer det av god grunn for å opplysa personane, handlingane deira, og den verda diktaren står i. Det finst to typar digresjonar: forteljinga-innanfor-forteljinga, og når ei forteljing fyrst blir fortalt kort og nedsettande av ein person, og deretter fortalt på nytt av ein annan, lengre og meir ærefullt.

Karakteristisk for angelsaksisk poesi er bruken av arkaiske ord, og desse orda vart einast brukt i poesien; i daglegtalen brukte ein andre ord for det same. Dei poetiske orda kan vera einskildord, samansetningar eller lengre konstruksjonar. I norrøn litteratur blir dette kalla heiti[6]

Bokstavrim[endre | endre wikiteksten]

Bortimot all angelsaksisk poesi er komponert utan rim på fire trykkbetonte stavingar («toppar»). Desse veksla med ubestemte tal trykksvake stavingar («senkingar»), samanknytt med bokstavar som likna på kvarandre, såkalla bokstavrim. Alle vokalane rimar med alle andre, mens alle konsonantane berre rimar med andre konsonantar. Dette høyrest framand ut for moderne øyre i høve til det vante poesimønsteret vårt med rim og eit fast tal på ubetonte stavingar. Tilsvarande også med allitterasjon eller bokstavrim.

Gammalengelsk poesi brukte bokstavrim ved at den innleiande konsonantlyden blir gjentatt gjennom linja. Eit døme på dette finn vi i ei verselinje frå Beowulf: «weras on wil-siþ wudu bundenne»[7], «Man on desired journey bound the ship». Her rimar dei fleste orda på konsonanten «w». Så gjennomgåande og viktig er allitterasjonen i linja at poeten sannsynlegvis begynte med ordkombinasjonen «wil-siþ» («ønskt reise») som den viktigaste ideen i linja. Deretter lèt han dei påfylgjande orda bokstavrima med dette og lèt bokstavrimet forma setninga.

Munnleg-formularisk dikting[endre | endre wikiteksten]

Angelsaksisk poesi har blitt studert omfattande for å prova teorien om at han var resitert i samsvar med «munnleg-formularisk skjema» (engelsk «oral-formulaic»). Grunnlaget ligg i at mange uttrykk og vendingar går igjen i andre dikt, til dømes er det ikkje mindre enn elleve av dei 18 halvlinjene i Cædmons hymne som har parallellar i andre dikt.[8] Det er også funne tilsvarande tilfelle i Beowulf og andre dikt.

Under arbeidet sitt med diktinga til Homer framsette Milein Parry teorien om at den klassiske episke diktinga blei skapt gjennom ein munnleg-formularisk prosess der skaldane skaper diktinga direkte og utan ein fastlagt tekst. Parry fekk sidan støtte frå Albert Bates Lord i hans arbeid med sørslavisk dikting. Lik ein impresjonistisk jazzkonsert, gav kvar framføring ei heilt ny gjenskaping av diktet, men basert på eit stort forråd av «formlar» i samsvar med kravet til versemålet. I motsetnad til denne teorien står Bedes eige vitnemål om at Cædmon skapte sitt dikt og at Bede sjølv tilsynelatande la stor vekt på diktet som ei nyskaping. Eit problem med teorien er at det er berre den skriftlege utgåva som er bevart, ikkje den munnlege tradisjonen som ein går ut ifrå ligg til grunn. Teorien har også kritikarar som hevdar at dikta blei komponert delvis i høve til ein moderne ord-for-ord-prosess, og delvis også i høve til å setja saman tema og formular [9]

Gammalengelsk prosa[endre | endre wikiteksten]

Mengda av bevart gammalengelsk prosa er langt større enn mengda av poesi. Mesteparten av dei bevarte prosatekstane er preiker og latinske omsettingar av religiøse verk. Engelsk prosa framstår fyrst på 800-talet (av det som er kjent) og fortsette å bli nedteikna til slutten på 1100-talet.

Kristen prosa[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjente forfatteren av gammalengelsk var kong Afred som omsette mange bøker frå latin og til gammalengelsk. Desse omsettingane var blant anna Pastoral omsorg (Liber Regulae Pastoralis) av pave Gregor I den store, ei handbok for prestar om korleis ein skulle handtera pliktene sine. Dessutan skreiv han Filosofiens trøyst av Boëthius; og Soliloquies av Augustin av Hippo. Alfred var også ansvarleg for ei omsetting av femti salmar frå Salmane.

Andre viktige gammalengelske omsettingar blei skrivne av, assosierte til kong Alfred, blant anna eit rettleiarstykke av Gudsstaten (De civitate Dei) av Augustin, Dialogane av Gregor den store, og 'Kyrkjehistoria til anglarfolket' (Historia ecclesiastica gentis Anglorum) av Beda den ærverdige. Det som kanskje er det viktigaste verket var omsettinga av OrosiusVerdshistorie, spesielt sidan det blei betydeleg utvida med originale bidrag, blant anna forteljinga til nordmannen Ottar frå Hålogaland som gir eit av dei dei fyrste skriftlege vitnesbyrda om Noreg som nasjon.

Ælfric av Eynsham, som skreiv på slutten av 900-talet og starten på 1000-talet, var den mest profilerte forfattaren av angelsaksiske preiker, og som blei kopiert og tilpassa for bruk til langt inn på 1200-talet. Han skreiv ei rekkje helgenbiografiar, eit gammalengelsk verk om tidsutrekning, pastorale brev, omsettingar av dei fyrste seks bøkene i Bibelen, ordbøker og omsettingar av andre delar av Bibelen, blant anna Salomos ordtøke, Visdommens bok og frå 5. mosebok (Det gamle testamentet).

I same kategorien som Ælfric var den samtidige Wulfstan, erkebiskopen av York. Preikene hans var svært stilistiske, skrivne i ei rytmisk form med allitterasjon. Preikene blei skrivne på gammalengelsk, sjølv om dei er kjende under dei latinske namna sine, blant anna Sermo Lupi ad Anglos (Ulvens preik til anglarane) der han legg skulda for invasjonane og herjingane vikingane gjorde på dei eigne syndene til engelskmennane. Han skreiv ei rekkje kyrkjerettslege tekstar, Regjeringsforma til institusjonane (Institutes of Polity) og Kyrkjelovane til Edgar (Canons of Edgar).

Ein av dei tidlegaste angelsaksiske prosatekstane er Martyrhistorie (Martyrology), informasjon om helgenane og martyrane i høve til årsdagane deira og festivalar i kyrkjekalenderen. Verket har blitt bevart i seks fragment. Ein går ut ifrå at det stammar frå 800-talet av ein anonym forfattar frå Mercia i regionen Midlands.

Den eldste samlinga av preiker er Blicklinghomiliene i Vercelliboka og blir datert til 900-talet.

Det finst ei rekkje prosaverk om livet til helgenane. Utover dei som er skrivne av Ælfric finst det prosastykke om sankt Guthlac i Vercelliboka, livet til Margareta av Antiokia og livet til sankt Chad av Mercia. Det er fire biografiar i Juliusmanuskriptet: De heilage sju sovarane, sankt Maria av Egypt, sankt Eustachius og sankt Euphrosyne.

Det er mange gammalengelske omsettingar frå ulike delar av Bibelen. Ælfric omsette dei fyrste seks bøkene i Bibelen (Hexateuch, «seks rullar»). Det finst ei omsetting av Evangelia. Den mest populære var Nicodemus’ evangelium (eller Pontius Pilatus’ gjerningar). Andre var blant anna Pseudo-Matteus’ evangelium, Apostelen Paulus’ visjonar (eller openberring), Vindicta salvatoris, og Apostelen Tomas’ visjonar (eller openberring) [9].

Ei av dei største samlingane av angelsaksiske tekstar er rettslege tekstar sett saman og tatt vare på i klostra. Desse inkluderer mange ulike tekstar: oppteikningar av donasjonar frå adelen, testament, dokument om emansipasjon (frigivingar), boklister og lister over relikvie, hoffsaker og reglar for lauga. Alle desse tekstane gir verdifull innsikt i den sosiale historia i den angelsaksiske epoken, men er også av litterær verdi. Til dømes er nokre av hoffsakene forteljingar som er interessante for deira bruk av retorikk.

Verdsleg prosa[endre | endre wikiteksten]

Hertug Vilhelm av Normandie stikk ned kong Harald Godwinson, den siste angelsaksiske kongen, under slaget ved Hastings i 1066. Frå ein ikkje heilt historisk korrekt illustrasjon i ei engelsk krønike frå rundt 1280-1300, nå ved British Library.

Den angelsaksiske krønika har truleg opphav frå tida til kong Alfred og heldt fram i over 300 år som ei årbok over angelsaksisk historie.

Berre ein klassisk romanse er bevart. Teksten er eit fragment av ei forteljing om Apollonius frå Tyr (må ikkje forvekslast med den stoiske filosofen Apollonius av Tyr) og vart truleg omsett på 1000-talet, frå ein gresk tekst som no har gått tapt.

Den lærde munken Byrhtferth av Ramsey, som levde på same tid som Ælfric og Wulfstan, skreiv bøkene Enchiridion og Handboc, som handla om matematikk og retorikk. Desse finst både på latin og angelsaksisk.

Ælfric skreiv også to nyvitskapelege verk, Hexameron og Interrogationes Sigewulfi, som handla om skaparforteljingar. Han skreiv vidare ei grammatikkbok og ei ordliste i angelsaksisk som blei kalla Latin. På grunn av at ho inneheldt ei gammalfransk ordliste blei ho seinare nytta av studentar av gammalfransk.

Mange av dei bevarte tekstane inneheld reglar og utrekningar for å bestemma religiøse festivalar, og tabellar for å rekna ut tidevatn og månefasar.

Nowellkodeksen handlar om Austens underverk (The Wonders of the East) som inkluderer eit storslått verdskart og andre illustrasjonar. Dette manuskriptet inneheld òg brevet Aleksander sendte til Aristoteles. Ettersom dette er det same manuskriptet som inneheld Beowulf har somme forskarar spekulert på om det kan ha vore meint som ei samling av eksotiske stader og vesen.

Det finst òg nokre interessante medisinske verk. Ei av desse er ei omsetting av ApuleiusHerbarium, med illustrasjonar, som vart funne saman med Medicina dei Quadrupedibus. Ei anna tekstsamling er Legeboka til Bald (Bald's Leech book) frå 900-talet som handlar om planter og urter og nokre kirurgiske bøtemiddel. Ei tredje samling, kjent som Lacnunga, tek for seg verkemiddel som vernar mot trolldom, sverjingar og kvit magi.

Angelsaksiske rettslege tekstar utgjer ein stor og viktig del av dei bevarte manuskripta. På 1100-talet blei dei sett saman til to store samlingar (sjå Textus Roffensis). Dei inkluderer lovene til kongen, som tek til med lovene til Aethelbert av Kent, og tekstar som handlar om bestemte saker og stader rundt om i landet. Eit interessant døme er Gerefa som tek for seg dei viktigaste pliktene til ein tenestemann, ein «reeve», ved eit større landgods. Det er òg eit omfattande band med rettslege dokument relatert til klostra.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Erkebiskop Matthew Parker (1504–1575) samla angelsaksiske manuskript frå dei nedlagde klostra etter reformasjonen i England.

Gammalengelsk eller angelsaksisk litteratur forsvann ikkje med den normanniske erobringa av England i 1066. Mange preiker og verk blei framleis lese og var delvis eller heilt i bruk, fram til 1300-talet og blei vidare katalogisert og organisert. I løpet av reformasjonen i England, då klosterbiblioteka blei spreidd, blei manuskripta samla av oldtidsforskarar og lærde. Blant desse var Laurence Nowell, Matthew Parker, Robert Bruce Cotton og Humfrey Wanley, derav namna på ein del av manuskripta i moderne tid. På 1600-talet begynte ein tradisjon med å skapa litterære ordbøker og referansar av angelsaksisk litteratur. Den fyrste var William Somners Dictionarium Saxonico-Latino-Anglicum (1659). Ordbokforfattaren Joseph Bosworth begynte å skriva ei ordbok på 1800-talet som blei fullført av Thomas Northcote Toller i 1898 som fekk tittelen An Anglo-Saxon Dictionary, og som også sidan blei oppdatert.

Ettersom gammalengelsk var eit av dei fyrste morsmåla som blei skrive ned, leitte forskarane på 1800-talet etter røtene til ein europeisk «nasjonalkultur» (sjå Romantisk nasjonalisme) og hadde såleis ei særinteresse for angelsaksisk litteratur. Gammalengelsk blei dermed ein del av universitetsstudia. Etter den andre verdskrigen har det vore ei aukande interesse for de fysiske manuskripta i seg sjølv. Neil Ker, ein paleograf, utgav den banebrytande Catalogue of Manuscripts Containing Anglo-Saxon (Katalog av manuskript som inneheld angelsaksisk) i 1957, og ved 1980 var bortimot alle dei angelsaksiske manuskripta blitt gjenutgitt på engelsk. J.R.R. Tolkien, kjent som ein forfattar av fantastisk litteratur, er kreditert for å ha skapt ei rørsle for å sjå på gammalengelsk som eit emne for litterær teori i forelesningane sine frå 1936. Desse blei sidan gitt ut av sonen hans i 1983 i form av essaysamlinga Beowulf: The Monsters and the Critics.

Angelsaksisk litteratur har òg påverka moderne litteratur. Mellom dei mest kjende omsetjingane har ein William Morris' si omsetting av Beowulf og Ezra Pound si omsetting av Sjøfararen. Påverknad på poesien er tydeleg hos moderne poetar som T. S. Eliot, Ezra Pound og W. H. Auden. Mange av emnevala og terminologien i heroisk poesi er synlege i populære verk som Hobbiten, Ringdrotten og mange andre.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Apocalyptic-theories.com: Elegy
  2. Cameron, Angus (1983): «Anglo-Saxon literature» i Dictionary of the Middle Ages, v.1, sidene 280-281
  3. Woodring, Carl (1995): The Columbia Anthology of British Poetry. Side 1
  4. Omsetting til nynorsk frå bokmålsomsettinga til Sandved, Arthur: Vers fra vest. Side 68-69.
  5. The Wanderer, linje 99"
  6. Sandved, Arthur: Vers frå vest. Side 19-20.
  7. Alexander, Michael, red. Beowulf: A Glossed Text. London 1995. (linje 216)
  8. Magoun, F.P.: «Bede’s Story of Cædmon: The case history of an Anglo-Saxon Oral Singer», Speculum ERX (1955), side 54.
  9. 9,0 9,1 Cameron (1982): «Anglo-Saxon Literature». Bind 1. Side 285

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Sandved, Arthur (1987): Vers fra vest. Gammalengelsk dikt i utvalg. Thorleif Dahls Kulturbibliotek. Oslo 1987. ISBN 82-03-15534-0. ein av dei bedre internasjonale introduksjonane til angelsaksisk poesi.
  • Bosworth, Joseph: (1889): An Anglo-Saxon Dictionary
  • Campbell, Alistair (1972): Englarged Addenda and Corrigenda
  • Cameron, Angus (1982): «Anglo-Saxon Literature». Dictionary of the Middle Ages. ISBN 0-684-16760-3
  • North, Richard og Allanrd, Joe, Beowulf & other stories - A new introduction to old english, old norse and angle-norman litteratures, Pearson Education Ltd., 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]