Angeltheow
Utsjånad
| Angeltheow | |||
| Far | Uffe av Angeln | ||
|---|---|---|---|
| Barn | Éomer | ||
Angeltheow, alternativt Angletheow, Engengit eller Angenwit, er namnet på ein mytisk konge over Angeln på 400-talet. Han er ættefar til kongane av Mercia, og nemnd i kvadet Béowulf. Etter tradisjonen er han far til Éomer, og son til Uffe av Angeln.[1] Angeltheow høyrer til same ættled som Hengest av Kent, og er rekna som ætling av Odin på fjerde leddet. Ikkje alle kjelder er samde i dette.
Nokre hevdar at Angeltheow er den same som sviakongen Ongentheow, nemnd i Béowulf, som vart drepen i slaget ved Ravneskogen.[2] Namnet knyter han utan tvil til Angeln (lekken Theow tyder det same som tjuv - Angeltjuven). Ei anna tolking knyter han til segna om Angantyr.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Neville, Jennifer (2002). «Making their own Sweet Time: The Scribes of "Anglo-Saxon Chronicle A"». The Medieval Chronicle 2: 166–177. ISSN 1567-2336.
- ↑ Bjork, Robert E. (2024). «Scandinavian Approaches to Beowulf». Nationalism, Aesthetics, and Spirituality in the Nordic Countries, 1733-2023. Boydell & Brewer: 139–177. ISBN 978-1-84384-726-7.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |