Angie av The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Angie»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Goats Head Soup
Utgjeve 20 August 1973
Innspelt November-desember 1972
Sjanger Rock
Lengd 4:33
Selskap Rolling Stones/Virgin Records
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi
«Happy»
(1972)
«Angie» «Doo Doo Doo Doo Doo (Heartbreaker)»
(1973)

«Angie» er ein song av rockebandet The Rolling Stones på albumet Goats Head Soup frå 1973.

Songen vart spelt inn i november og desember 1973 og er hovudsakleg skriven av Keith Richards. Songen er ein akustisk-basert ballade om slutten på eit romantisk forhold. Songen er kjend for den inderlege teksten om ein tapt kjærleik og sorga dette medfører. Songaren Mick Jagger gjer ei smerteleg framføring av songen, medan Nicky Hopkins spelar piano. Strykarane på songen vart arrangert av Nicky Harrison.

Songen kom ut som singel i august 1973 og gjekk til topps i fleire land, mellom andre USA og Noreg. Songen var den siste Stones-songen som klarte dette i Noreg og låg to veker på førsteplassen. I heimlandet Storbritannia nådde songen femteplassen.

Oh, Angie, when will those dark clouds disappear?

Keith Richards

Opphavet til songen har vore omdiskutert. Det har vore mange rykte om at «Angie» vart skriven av Jagger om eit forhold han hadde til kona til David Bowie, Angela, men Jagger har nekta for dette. Richards hevdar han kom på tittelen og akkordsekvensen som startar songen eit år før innspelinga av albumet starta. Richards hadde då akkurat vorte far til dottera Dandelion Angela.

The Rolling Stones har ofte spelt songen på konsertar.[1] Konsertutgåve av songen finst på albuma Stripped og Live Licks.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt songen, mellom andre Tori Amos, Aslan, Stereophonics, Sammy Kershaw og Womack & Womack.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zentgraf, Nico. «The Complete Works of the Rolling Stones 1962-2008». http://www.nzentgraf.de/books/tcw/works1.htm. Henta 11. mars 2009.