Anglesey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anglesey
distrikt
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Wales
Del av Gwynedd
Adm.senter Llangefni
Areal 749,0227 km²
Folketal 70 043 (2019)[1]
Kart
Anglesey
53°17′38″N 4°22′36″W / 53.293975°N 4.376728°W / 53.293975; -4.376728
Wikimedia Commons: Anglesey

Anglesey (òg skrive Anglesea, walisisk Ynys Môn, frå norrønt Ǫngulsey) er ei øy og eit grevskap utanfor nordvestkysten av Wales. Ho er skilt frå frå fastlandet av eit smalt sund, Menaisundet. To bruer knyt Anglesey til resten av Wales: Menai Suspension Bridge bygt av Thomas Telford i 1826 og ei nyare Britannia Bridge.

Øya vart eit eige grevskap 1. april 1996, då det vart utskilt frå Gwynedd. Anglesey høyrer framleis til det bevarte grevskapet Gwynedd. Grevskapet dekker òg andre øyar enn sjølve Anglesey.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Angelsey har lenge vore assosiert med druidar. Omkring år 60 gjekk Gaius Suetonius Paulinus til åtak på øya, som romarane kalla Mona, for å fjerne druidane som maktfaktor. Han øydela ein heilagdom og dei heilage lundane. Vikingar, angelsaksarar og normannarar invaderte òg øya og på 1200-talet vart ho erobra av Edvard I av England.

Øya er fruktbar og nokså flat. Det er nokre høgdedrag, som Cadair Mynachdy og Holyhead Mountain. I mellomalderen var ho kjent som brødkorga til Wales, fordi ho forsynte andre område med korn. Ho vart òg kalla «Môn Mam Cymru» («Wales' mor»). Dette gav ho stor strategisk verdi i maktkampen mellom engelskmenn og walisarar.

Anglesey var vertskap for den nasjonale Eisteddfod i 1999.

Staden Llanfairpwllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch er kjent for å ha det lengste stadnamnet i verda.

Stader i Anglesey[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anglesey