Anglaise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Angloise)

Anglaise er ein engelsk kontradans i 2/4-takt og raskt tempo. Han var populær på 1700-talet og fram til midten av 1800-talet og stundom nytta som sats i ein suite.

Namnet kjem frå fransk for contredanse anglaise, som tyder «engelsk kontradans». I Noreg vart dansen ein folkedans kring 1800 som vart kalla «englis».