Aniara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Aniara. En revy om mennesket i tid og rom (svensk originaltittel Aniara. En revy om människan i tid och rum) er eit episk dikt i sjangeren science fiction av den svenske nobelprisvinnaren Harry Martinson.[1] Diktet blei utgjeve i 1956. Tittelen er ein neologisme basert på det greske ordet ἀνιαρός, som tyder 'trist, trettande'.

Norsk omsetjing[endre | endre wikiteksten]

Den norske omsetjinga er utgjeven på Pax forlag[2] og dessutan av bokklubben som del av serien Århundrets Bibliotek[3] i 2006. Espen Stueland og Johann Grip står bak omsetjinga.[4]

Andre medie[endre | endre wikiteksten]

Opera[endre | endre wikiteksten]

31. mai 1959 hadde ein opera i to akter basert på verket premiere på Kungliga Operan i Stockholm. Librettoen var skriven av Erik Lindegren og musikken av Karl-Birger Blomdahl.[5] Verket gjekk som fjernsynsteater året etter.[6] Operaen blei oppført i Oslo i 1960.[7] Blomdahl var i 1965 den første som fekk Nordisk råds musikkpris, for musikken til Aniara.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Tommy Körberg og Carl-Axel Dominique gav i 1997 ut eit album kalla Aniara med tekstar av Martinson.[8] Ketil Bjørnstad ga i 1983 ut eit album med same namn inspirert av Martinson si utgjeving.[9] Tittelsporet på albumet The Great Escape frå 2010 av det svenske progressiv metal-bandet Seventh Wonder er basert på Martinson sitt verk.[10]

Kulturell innverknad[endre | endre wikiteksten]

Norsk science fiction-foreining[endre | endre wikiteksten]

Studentane si science fiction-foreining ved Universitetet i Oslo heiter Aniara og er kalla opp etter diktet. Foreininga blei stifta i 1965 med mellom andre Jon Bing og Tor Åge Bringsværd til stades.[11]

Aniara-prisen[endre | endre wikiteksten]

Svensk Biblioteksförening har kvart år sidan 1974 delt ut Aniara-prisen til ein svensk forfattar av skjønnlitteratur for vaksne.[12]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Göran Hägg: Den svenska litteraturhistorien (Wahlström & Widstrand, Stockholm 1996), s. 517-519
  2. Pax forlag si nettside om boka
  3. Bokklubben si nettside om boka
  4. Bibsys
  5. Åke Sällström: Opera på Stockholmsoperan (Norstedt, Stockholm 1977), s. 167
  6. TV-teatern tio år: 1954-1964 : en krönika i ord och bild (Sveriges Radio, Stockholm 1964)
  7. Store norske leksikon om Karl-Birger Blomdahl
  8. Biografi om åra 1991-2000 på Tommy Körberg si eiga nettside
  9. Discogs si nettside om utgjevinga
  10. CD-hefte til Seventh Wonder: The Great Escape (Lion Music 2010)
  11. Det Norske Studentersamfund i artikkel om foredrag om Aniara Science Fiction-forening
  12. Svensk Biblioteksförening om Aniara-prisen