Anima Animus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anima Animus
Studioalbum av The Creatures
Utgjeve 15. februar 1999
Innspelt 1995-1997
Studio
  • House of Créatures (Frankrike)
  • Eel Pie Barge, Eden, House of Levine and Roundhouse (London)
Sjanger
Lengd 41:56
Selskap
  • Sioux Records
  • Instinct Records
  • PIAS
Produsent
The Creatures-kronologi 
Eraser Cut
(1998)
Anima Animus U.S. Retrace
(2000)
Siouxsie Sioux-kronologi
The Rapture
(1995)
Anima Animus Hái!
(2003)
Singlar frå Anima Animus
  1. «2nd Floor»
    Utgjeve: 5. oktober 1998
  2. «Say»
    Utgjeve: 15. mars 1999
  3. «Prettiest Thing»
    Utgjeve: 6. september 1999

Anima Animus er det tredje studioalbumet til den britiske duo The Creatures, som består av Siouxsie Sioux og musikaren Budgie, gjeve ut i 1999. Tittelen på albumet var inspirert av Carl Jung-konseptet om anima og animus («kvinna i mannen, mannen i kvinna»).

Albumet vart spelt inn i Frankrike og England og skilde seg frå tidlegare Creatures-album. Det hadde framleis eit element basert på perkusjon, men musikken var meir urban. Då det kom ut fekk det god omtale i musikkpressa.

Anima Animus vart sidan hylla av PJ Harvey, som valde det ut på topp 10-lista si for 1999.[1]

Historie og musikk[endre | endre wikiteksten]

Duoen byrja å utvikle songidear i 1995. «Exterminating Angel» vart komponert den hausten i Frankrike. Siouxsie og Budgie hadde kjøpt mykje utstyr og valde å arbeide i huset sitt nær Toulouse. Den originale tittelen på albumet skulle vere Gifthorse, så Mount Venus, før duoen til slutt landa på Anima Animus. I 1996 var det ingen større selskap som var interesserte i demoane deira, sidan dei vart rekna som for avantgarde og ikkje kommersielle nok. Siouxsie og Budgie valde så å finansiere prosjektet sjølv, og byrja å spele inn plata på eiga hand. Dei produserte albumet med hjelp av Steve Lyon, Steve Levine og Warne Livesey. Fire songar («2nd Floor», «Another Planet», «Say» og «I Was Me») vart spelte inn i England. Medan dei var i London møtte dei Doug Hart, som eigde det sjølvstendige selskapet Hydrogen Records. I lag med han fekk The Creatures sett opp sitt eige selskap kalla Sioux Records, og vart ein sjølvstendig artist. Albumet vart til slutt miksa i New York. Plateomslaget vart designa av dei franske kunstnarane Pierre et Gilles i Paris i 1997.

Lucy O'Brien skildra «2nd Floor» som «ein drivande, dunkande dansegolv-sak som utstråler ein grublande glamour». Siouxsie sa songen handla om tilstanden til ein person etter for mange Vodka Gimlets. «Det er når du stadig vil ha meir, når du ønskjer at festen skal halde fram og du ikkje lenger er fornuftig. Eg hugsar gonger då eg var den personen, og euforien du er i då. '2nd Floor' var ideen min om korleis ein privat bar kunne vere, som var open heile tida. Det er noko religiøst med barar. Dei er som alter. Lyset. Fargane i flaskene. Ta deg ein drink.»[2] «Don't Go to Sleep Without Me» er ei «spøkelsesaktig voggevise».[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Den første singelen, «2nd Floor», kom ut seint i 1998, kort tid etter EP-en Eraser Cut med fire spor. Den andre singelen, «Say», kom ut med to B-sider, den akustiske «Broken» og den atmosfæriske «All She Could Ask For». Sistnemnde opna konsertane deira i 1999. Alt dette ekstramaterialet vart sidan gjeven ut på samlealbumet U.S. Retrace.

Anima Animus kom ut på både CD og som doble 10"-vinylplater.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
The Times8/10[4]
Uncut4/5 stars[3]

Albumet fekk god omtale av kritikarane. The Times gav albumet åtte av ti og skreiv: «Siouxsie har sjeldan sunge betre. Opningssporet , '2nd Floor' er eit fantastisk melodrama, med ein drivande techno-puls, medan den illevarslande, episke 'Exterminating Angel', følgjer byttet sitt i dei opplyste gatene. Det er fortryllande, hypnotisk og nyskapande».[4] The Sunday Times skreiv: «Røysta til Siouxsie har ikkje mista evna si til å forføre og skape uro. Lyden er perkussiv, definert av dei smidige rytmane til Budgie. 'Exterminating Angel' er utsøkt truande, medan den svingete 'Another Planet' veks til eit rystande klimaks.»[5] Uncut-skribenten Chris Roberts gav albumet fire av fem og sa: «Sioux har alltid vore på sitt beste når ho er ein barsk talar [...] men det er fasar der ho kviskrar, pustar, strekkjer seg etter sårbarheit.»[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Siouxsie og Budgie.

Nr.TittelLengd
1.«2nd Floor»4:31
2.«Disconnected»3:41
3.«Turn It On»4:11
4.«Take Mine»2:58
5.«Say»4:25
6.«I Was Me»4:02
7.«Prettiest Thing»4:26
8.«Exterminating Angel»5:50
9.«Another Planet»5:19
10.«Don't Go to Sleep Without Me»2:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikars[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Knox Chandler - «atmosfærisk» gitar
  • Polly Chilcott - cello på «I Was Me»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «7th January 2000 - PJ selects her Top 10 Albums of 1999». Pjharvey.net. 7. januar 2000. Henta 28. august 2020..
  2. 2,0 2,1 O'Brien, Lucy (April 1999). «Fierce Creature». Diva. 
  3. 3,0 3,1 Roberts, Chris. «Brute's Foresight» [Anima Animus review]. Uncut. February 1999.
  4. 4,0 4,1 «Anima Animus» review. The Times. 2. februar 1999.
  5. «Anima Animus» review. Sunday Times. 14. februar 1999.