Anita Apelthun Sæle
Anita Apelthun Sæle | |||
Fødd | 13. desember 1951 (73 år) Fjell | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Religion | kristendom | ||
Yrke | politikar | ||
Ektefelle | Finn Jarle Sæle | ||
Barn | Ørjan Sæle | ||
Alle verv |
|
Anita Apelthun Sæle (fødd 13. desember 1951 i Fjell) er ein norsk KrF-politikar.
Ho er utdanna med fagbrev i kontorfag 1970, Økonomisk gymnas 1973, Kristendom grunnfag, Universitetet i Oslo 1975. Handelshøgskolen BI 1990. Sæle har sidan 1971 vore gift med Norge idag-redaktør Finn Jarle Sæle. Saman har dei fire born, blant annan forretningsmannen Finn Ørjan Sæle og nettredaktør Trude Sæle (f. 1972).
Politikk
[endre | endre wikiteksten]Ho sat på Stortinget frå Hordaland frå 1993 til 2005 og vararepresentant i periodane 1981–1993. Føre stortingsvalet i 2005 tapte ho kampen om 2. plassen på Hordaland KrFs liste til fordel for Laila Dåvøy. Frå 2006 til 2008 var ho leiar av Kristeleg Folkepartis Kvinner, med fast plass i KrFs sentralstyre. Frå 2006 studerte ho leiing ved BI i Bergen.[1]
I samband med kommune- og fylkestingvalet i 2007, freista ho å verta KrFs ordførarkandidat i Fjell kommune i Hordaland, men utan å lukkast blant sine eigne i nominasjonskampen.[2]
Etter at ho vart vraka frå KrF si liste i 2005, gjorde einskilde småparti forsøk på å få henne til å stilla for dei, blant dei Kristent Samlingsparti og Kystpartiet. Desse avviste ho.
Sæle tilhøyrer den konservative fløya av KrF og har i tråd med dette markert seg med restriktivt syn på tradisjonelle merkesaker som motstand mot abort, assistert befruktning, alkohol, partnerskapsloven og felles ekteskapslov.[3] Ho reknar seg òg som «bibeltru» og som ein «Israel-ven» og har delteke i fleire støttemarkeringar for Israel og dei krigane landet har vore involvert i. Ho har òg teke til orde for å flytta den norske ambassaden i Israel til Jerusalem.[4]
Ho var på slutten av 1990-talet involvert i kjedeforretningen Nature's Own. Etter at Justisdepartementet i 1998 fastslo at firmaet var ein ulovleg kjedeforretning vart det sett fram påstandar om at ho var involvert i ulovleg pyramidespel.[5] Sæle hevda sjølv at ho berre var kunde for selskapet og ikkje distributør.[6] Ho har sete i kretsstyret til Blå Kross i Bergen og er nestleiar i Hordaland Nei til Eu sidan 2005.
Stortinget
[endre | endre wikiteksten]- 1997–2001 sekretær i Odelstinget.
- 2001–2005 medlem av Kommunalkomitéen.
- 2001–2005 medlem av Valkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Kommunalkomitéen frå 22. mars 2000.
- 1997–2001 medlem av Næringskomitéen til 22. mars 2000.
- 1997–2001 varamedlem av Den utvida utanrikskomitéen.
- 1997–2001 medlem av Valkomitéen.
- 1993–1997 medlem av Justiskomitéen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Line Torvik, Marianne Johansen, Ingunn Andersen (16. februar 2006). «Får ventelønn - er student». VG. Henta 7. juni 2007. «[…] Hun tar en bachelorgrad i ledelse på BI og har fått innvilget ventelønn for hele 2006.»
- ↑ NTB (27. februar 2007). «Vraket Anita Apelthun Sæle». VG. Henta 7. juni 2007.
- ↑ «Mot homser, abort og alkohol».
- ↑ «Hvem har krav på Jerusalem?
- ↑ «Familien Sæle - et lite stykke Norge».
- ↑ «Nature's Own brøt loven».
- Denne artikkelen bygger på «Anita Apelthun Sæle» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.