Anitta Suikkari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anitta Suikkari
Fødd1956 (65 år)
Verka somskodespelar

Anitta Suikkari (fødd i 1956) er ein norsk-finsk skodespelar og regissør.

Suikkari blei fødd i Karelen i Finland.[1]

Suikkari var ein av initiativtakarane til Sampo Teater saman med Mette Brantzeg. Teateret blei skipa i Oslo i 1983, og flytta til Tromsø i 1988.[2] og Suikkari fungerte som skodespelar og kunstnerisk rådgjevar. Etter at Brantzeg trekte seg som dagleg leiar i 1992 kom Makka Kleist inn i denne rolla. Kleist og Suikkari fortsette arbeidet med samarbeidsproduksjonar og soloprosjekt, med Brantzeg framleis verksam som regissør på fleire produksjonar.[2]

Suikkari har medverka på fleire scener, blant anna på Perleporten, Hålogaland Teater, Agder teater, Dramatikkens hus, Ice Globe Theater i Jukkasjärvi og Giron Sámi Teater.

Sidan 1990 har ho vore tilknytt Beaivváš Sámi Našunálateáhter som del av ensemblet.[1]

Ho har òg medverka i fleire filmar og TV-produksjonar, blant anna Havlandet (1985), Stol på Ministeren (1996), Bázo (2003) Macbeth (2004).

I 2004 blei ho nominert til Amandaprisen for beste kvinnelege hovudrolle i filmen Bázo .[3] I 2013 blei ho nominert til Heddaprisen i klassa beste kvinnelege birolle.[4]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Anitta Suikkari», sceneweb.no (på norsk), henta 10. juli 2021 
  2. 2,0 2,1 Leinslie, Elisabeth (9. februar 2021). «Sampo Teater». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. nrk.no: Amanda-nominasjonene klare Arkivert 12. mai 2014 på Wayback Machine.
  4. heddaprisen.no: De nominerte 2013 Arkivert 12. mai 2014 på Wayback Machine.