Anja Garbarek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anja Garbarek

Fødd24. juli 1970 (53 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1992–
Sjangertrip hop
Instrumentvokal
PlateselskapVirgin Records
Verka somsongar, songar-låtskrivar, plateartist, komponist, musikar
FarJan Garbarek
PrisarSpellemannprisen i åpen klasse, Edvard-prisen

Anja Garbarek (fødd 24. juli 1970) er ein norsk jazzmusikar frå Oslo. Ho er einaste barnet til jazzsaksofonisten Jan Garbarek.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Allereie som liten fekk Anja Garbarek treffa mange musikarar og høyra mykje musikk, men ville likevel fyrst utdanna seg innan drama. Difor tok ho eitt år på dramalinja ved Romerike folkehøgskole og gjekk musikk/drama-linja på vidaregåande. Men då ho her song i ein scenemusikal, vart ho oppdaga av den norske plateindustrien. Resultatet vart platedebuten hennar; albumet Velkommen inn frå 1992. Det vart produsert i samarbeid med Håkon Iversen, og Jan Garbarek hjelpte til ein del. Den mest kjende songen frå plata var den erotiske Male øynene dine, som også kom ut som singel i tillegg til Er det flere her?.

Oppfylgjaralbumet Balloon Mood kom ut i 1996, i samarbeid med den kjende produsenten Marius de Vries. Albumet var dristigare og meir innovativt enn debuten, og Garbarek var her inspirert av både Tom Waits, m.fl.

Kort tid etter dette flytte Anja Garbarek til London, der ho fyrst signerte platekontrakt med BMG, seinare med Virgin Records. Album nummer tre, Smiling and Waving vart gjeve ut på Virgin med assistanse frå m.a. Robert Wyatt og Mark Hollis. Det fekk gode kritikkar for å kombinera elektroniske lydar, akustiske instrument og Anja Garbarek på ein stilig måte. Albumet vann Spellemannprisen 2001 i open klasse.

Anja Garbarek er gift med den engelske musikaren John Mallison, og dei fekk ei dotter saman i 2002. Etter å ha bidratt på to Satyricon-cdar og samarbeidd med Rita Marcotulli i same året, flytte Anja Garbarek attende til Noreg med familien sin i 2003. Herifrå gav ho ut albumet Briefly Shaking i 2005. Dette blir skildra som eit mørkare album enn dei tidlegare - mykje av tekstane er basert på krimhistorier. Det er produsert i samarbeid med den islandske artisten Gisli.

I 2005 komponerte Garbarek filmmusikken til den franske Angel-A av Luc Besson, og ho gav ut filmmusikken på plate året etter.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Velkommen inn (1992)
  • Balloon Mood (1996)
  • Smiling & Waving (2001)
  • Briefly Shaking (2005)
  • Angel-A (2006)
  • The Road Is Just A Surface (2018)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]