Ankenesstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ankenesstrand er ein forstad til byen Narvik i Narvik kommune i Nordland fylke. Ankenesstrand ligg på sørsida av Beisfjorden, om lag sju kilometer sørvest for byen Narvik. I 2001 var det om lag 3 300 ibuarar i Ankenesstrand. Statistisk Sentralbyrå reknar Ankenesstrand som ein del av tettstaden Narvik.

Ankenesstrand var kommunesenter i den tidlegare landkommunen Ankenes, ein kommune som i 1974 vart slått saman med Narvik kommune. Forstaden er bygd ut langs ei lang landskråning opp mot Ankenesfjellet, skråninga strekker seg heilt frå Emmenestangen i vest til Millerjordnes i aust, der E6 kryssar Beisfjorden over Beisfjordbrua.

E6 er hovedåra gjennom Ankenesstrand. Vegen går langs strandkanten mot Beisfjorden heile strekninga gjennom Ankenesstranda. Tidlegare gjekk E6 gjennom det tettast bebygde Ankenesstrand, gjennom etappevise utbyggingar på 1980-talet vart ny veglinje lagt langs strandkanten av Beisfjorden.

Ankenes kyrkje er ei åttekantkyrkje som vart reist på Ankenesstranda i 1842.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]