Ankylosaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ankylosaurus
Ankylosaurus dinosaur.png
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Ornithischia
Underorden: Thyreophora
Familie: Ankylosauridae
Slekt: Ankylosaurus
Brown, 1908

Ankylosaurus var ein pansra dinosaur i ordenen Ornitischia og familien Ankylosauridae.

Trass i at dette er den mest illustrerte ankylosauren, er han på ingen måte den best kjende. Det er berre funne nokre få brukbare eksemplar, så rekonstruksjonae er usikre.

Ankylosaurus hadde ein ganske låg og brei kropp, med korte bein (frambeina langt kortare enn bakbeina) og kort hals. Ryggen, skuldrene og hovudet var dekt av runde beinplater, og til og med augelokka inneheldt bein. Hovudet var trekanta sett ovanfrå, med korte, tjukke horn på dei bakre hjørna. Lengst framme hadde han eit hornnebb, medan tenna var små og bladforma. Den bakre delen av halen var samanvokse, og i tillegg hadde virvlane lange utvekstar som ytterelgare stiva av og gjorde halen heilt rett. Ytst var fleire beinplater vokse saman til ein brei, klubbeliknande struktur.

Dei få og enkle tennene tyder på at dyret ikkje tygde plantene han åt, i motsetnad til dei samtidige hadrosaurane og ceratopsidane, som hadde mange kraftige knusetenner.

Ankylosaurus levde i sein krit i Nord-Amerika (Montana, Wyoming og Alberta), og var ikkje berre den siste, men òg den største, kjende ankylosauren. Det største individet ein har funne restar av kan ha vore over seks meter langt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Ankylosaurus
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ankylosaurus