Annæus Schjødt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Annæus Schjødt
Fødd2. mai 1857
Oslo
Død1923
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, advokat
EktefelleEdle Hartmann Schjødt, Laura Rømcke
BarnAnnæus Schjødt, Magne Schjødt

Annæus Johannes Schjødt (2. mai 18571923) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Kristiania. Han var medlem av Venstre.

Schjødt var son til ein sakførar. Sjølv vart han student i 1875 og cand. jur. i 1880. 1881-82 var han kopist i Marinedepartementet, deretter i tre år fullmektig på kontoret til advokat Emil Stang den eldre. Frå 1885 var han høgsterettsadvokat. Tida 1917 til han døydde var han regjeringsadvokat.

Han var medlem av fleire sentrale utval, så som militærkommandokommisjonen av 1897, den parlamentariske arbeidarkommisjonen 1902-04, og av den skandinaviske obligasjonskomiteen 1902-04 og 1910.

Schjødt representerte Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget frå 1895 til 1900. I den fyrste perioden, 1895-97, var han medlem av næringskomite nr 1, i den andre perioden var han formann i sosialkomiteen og medlem av fullmaktskomiteen. År 1900 var han president i Odelstinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]