Ann-Kristin Olsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ann-Kristin Olsen
Fødd29. mars 1945
Stockholm
NasjonalitetNoreg
Yrkepoliti, embetsmann
Alma materKristiansand katedralskole

Ann-Kristin Olsen (fødd 29. mars 1945) er ein norsk jurist og fylkesmann i Vest-Agder fylke sidan 1998. Gift med Henrik Rolf Pettersen.[1]

Ho er kjent som den fyrste kvinnelege politimeisteren i Noreg, og den fyrste kvinnelege sysselmannen på Svalbard.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Ann-Kristin Olsen var fødd i Stockholm kort tid før slutten av andre verdskrig, sidan mora hennar valde å føde henne der grunna den tyske okkupasjonen. Familien flytta kort etter tilbake til Kristiansand, og Olsen voks opp der.[2] Etter å ha gjort ferdig utdanninga ved Kristiansand katedralskole i 1965 byrja ho på studiane av rettsvitskap og fekk ein cand.jur. i 1972.[3] I sine yngre dagar skal ho ha delteke på den fyrste markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ann-Kristin Olsen jobba ved Follo politikammer i 1976, og ho vart den fyrste kvinnelege politiinspektøren i landet etter å gått gradane frå politifullmektig og politiadjutant. I 1983 vart ho den fyrste kvinnelege politimeisteren i Noreg, og ho heldt til i Halden.[4] I denne stillinga var ho ansvarleg for etterforskinga av seriedrapa i Tistedalen.[3]

Frå 1995 til 1998 var ho sysselmann på Svalbard, nok ein gong som fyrste kvinne til å ha denne stillinga.[4] Ho måtte hanskast med fleire utfordringar der, mellom anna då sysselmannskontora brann ned, Operafjellulykka i 1996 som tok 141 liv, og ulykka i Barentsburg i 1997 som tok 47 liv. Då den treårige perioden som sysselmann på Svalbard gjekk ut, vart Ann-Kristin nemnt ut som fylkesmann i Vest-Agder fylke.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Ann-Kristin_Olsen» i Store norske leksikon, snl.no.

  1. Ann-Kristin Olsen – utdypning (NBL-artikkel)
  2. 2,0 2,1 Oftedal, Hallgeir (10 April 2008). «Et liv som mann». Fædrelandsvennen. s. 16. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Norby, Reginald. «Ann-Kristin Olsen». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 29 April 2009. 
  4. 4,0 4,1 «60 år 29. mars: Fylkesmann Ann-Kristin Olsen». Norwegian News Agency. 9 March 2005.