Ann Carlsson Korneev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ann Carlsson Korneev
Fødd 25. august 1961
Yrke bilethoggar
Skulpturgruppa Mellan två vatten på Lilla Å-promenaden i Örebro, ein gangveg med skulpturar langsetter elva Lillån gjennom byen.

Ann Margareta Carlsson Korneev (fødd 25. august 1961) er ein svensk biletkunstnar og bilethoggar som i hovudsak nyttar stein som materiale for sine skulpturar i eit abstrakt og forenkla geometrisk formspråk. Ho er representert med verk i mange offentlege samanhengar, mellom anna med eit verk i StenKunstHvaler, den permanent utandørs skulpturutstillinga på den sørlege luten av Røsshue på Kirkøy i Hvaler kommune i Noreg.

Ann Carlsson Korneev er utdanna i skulptur hjå Konstfackskolan i Stockholm i 1988-89, i målarkunst hjå Gerlesborgsskolan i Stockholm i 1986-88, i skulptur hjå Högskolan för design och konsthantverk i Göteborg i 1983-86, i arkitektur hjå Lunds Tekniska Högskola i 1982-83 og i fransk språk og litteratur hjå Université de Sorbonne i Paris i 1980-82.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]