Hopp til innhald

Ann Kavli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ann Kavli
StatsborgarskapNoreg
Fødd17. september 1960 (66 år)
Åndalsnes
Yrkeskribent, lyrikar
PrisarSokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond

Ann Kavli (fødd 17. september 1960 i Åndalsnes) er ein norsk forfattar og kunstnar med eit stort verkefelt.[1] Ho har formidla tekstar i fleire sjangrar sidan debuten i 1991.[2]

Kavli er utdanna adjunkt med norsk som grunnfag ved Lærarhøgskulen i Volda (1984). Ho studerte deretter mediefag ved Distriktshøgskulen i Volda (fram til 1986) og tok Forfattarstudiet i Bø (1990). Seinare tok ho kunstutdanning ved Strykejernet Kunstskole i Oslo (1998).[3] Kavli er busett på Nesodden i Akershus.[4]

Kavli har arbeidd både med dikt, skjønnlitterær prosa/romanar og andre uttrykk. Debutboka hennar var diktsamlinga Noko skal hende deg, to år seinare kom romanen Fire fargar seinare. Lyrikken til Kavli er gjerne prega av overraskande, tivtydige bilete, og er blitt karakterisert som «på same tid myke og 'knudrete'».[5]

Sameining av ulike kunstformer pregar heile verket til Kavli. Ho har framført tekstar som kunstperformance og til jazz av Karl Seglem.[6][7] Som biletkunstnar har ho laga illustrasjonar og bokomslag, også for eigne bøker, medan fleire dikt er vigde eller inspirerte av kunstverk.[8][9] Prosabøkene hennar blir gjerne kalla poetiske, og ho har sjølv uttalt at «Generelt appellerer nok bøkene mine til lesarar som har ein poetisk legning.»[10]

Ann Kavli har hatt ulike verv i litterære organisasjonar. Ho blei medlem i Det Litterære Råd i 2001 og er styrerepresentant for Den norske Forfatterforening for perioden 2010–12.[11][12]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Noko skal hende deg (1991)
  • Akvatinter (1996)
  • Å hekle ein laks (2000)
  • Flytt (2005)
  • Ut av juli (2011)
  • Fire fargar seinare (1993)
  • Delfinens smil (1995)
  • Alt er som det skal vere (1998)
  • Spøkelset som ikkje ville spøke, barnestykke, bestilt til Vossa-Jazz 1997.[13]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  • Aftenposten, Forfatterindeks
  • Dagbladet.no, Dikt om å slippe taket, arkivert frå originalen 14. juni 2007, henta 31. desember 2009 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  • Jazz&poesi revisited, Forfatterforeningen, 9.10.2010, arkivert frå originalen 2011-01-09, henta 2011-01-05 {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp); Invalid |url-status=yes (hjelp)
  • Med poetisk språk og erotisk grunntone, Forfatterforeningen, 20. november 2009, arkivert frå originalen 13. februar 2010, henta 5. januar 2011 {{citation}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  • Kulturnett, Ann Kavli
  • Samlaget, ANN KAVLI
  • skrift.no, ANN KAVLI
  • Rottem, Øystein (10.05.1996), «Myke og knudrete dikt», Dagbladet.no {{citation}}: Check date values in: |date= (hjelp)
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]