Ann Sire Fjerdingstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ann Sire Fjerdingstad

Fødd23. juli 1959 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, fotballspelar, turnar, idrettsleder, forretningsdrivande
VervOrdførar i Øvre Eiker 2009–2019
FøregangarAnders B. Werp
EtterfylgjarKnut Kvale
Alle verv
  • ordførar i Øvre Eiker (2009–2019) Sjå dette på Wikidata

Ann Sire Fjerdingstad (fødd 23. juli 1959) er ein norsk politikar for Høgre. Ho var ordførar i Øvre Eiker kommune frå 2009[1] til 2019.[2]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Fjerdingstad sa seg villig til å stille som listefyll for kommunevalet i 2007.[3] Ho fekk ei stor mengd personstemmer som resulterte i ein plass i kommunestyret.[3] Då ordføraren Anders B. Werp vart vald inn på Stortinget hausten 2009 vart ho spurt om å overta som ordførar.[3] Høgre var så nøgde med henne som ordførar at dei ynskte henne som ordførarkandidat for kommunevalet i 2011.[3]

Pioner i fotball[endre | endre wikiteksten]

Ann Sire Jensen deltok på Drafns damelag i fotball i perioden 1977–80 og var ein av pionerane i norsk damefotball. Ho har seinare vore aktiv og lagleiar i andre idrettar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ann gjenvalgt som ordfører». Bygdeposten. 19. oktober 2011. Henta 13. november 2011. 
  2. «Fjerdingstad gir seg i 2019». NRK Buskerud. 17. oktober 2017. Henta 19. mai 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Inger Boldvik (30. august 2010). «Usikker på gjenvalg». dt.no. Henta 13. november 2011.