Ann Solveig Nystad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ann Solveig Nystad
Fødd 27. mai 1961
Yrke lyrikar, skribent

Ann Solveig Nystad (fødd 27. mai 1961) er ein norsk salmediktar og politikar. Nystad har skrive ein salme i Salmer 1997 og Norsk salmebok 2013. I Stortingsvalet 2017 var ho Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat i Finnmark.[1]

Nystad var Kristeleg Folkeparti sin førstekandidat til Sametingsvalet 2009, utan å bli vald inn. Ho var samisk representant ved Kyrkjemøtet i 2008, og sat i Nord-Hålogaland bispedømmeråd frå 2006 til 2010.[2]

Ho var òg redaktør for bladet Nuorttanaste frå 1992 til 2003.

I 2016 gav ho ut diktsamlinga Nugo beaivvit leat saman med Astrid Johnskareng.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. valg.no Vallister og kandidatar 2017
  2. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 2010-04-02. Henta 4. september 2010.  Oversikt over representanter.