Anna-Eva Bergman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna-Eva Bergman

Statsborgarskap Noreg, Frankrike
Fødd 29. mai 1909
Stockholm
Død

24. juli 1987 (78 år)
Grasse, Paris

Yrke kunstmålar, grafikar
Språk norsk
Ektefelle Hans Hartung, Hans Hartung
Nettstad http://www.fondationhartungbergman.fr/sitehhaeb/Anna-Eva-Bergman,36?lang=fr

Anna-Eva Bergman (fødd 29. mai 1909 i Stockholm, død 24. juli 1987 i Grasse) var ein norsk-fransk kunstmålar.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anna-Eva Bergman vart fødd i Stockholm som dotter av svenske Broder Julius Gustafsson Bergman og norske Edvardine Magdalene Margrete Lund. Foreldra hennar skilde seg medan ho var ei lita jente. Medan mora studerte i Tyskland og Storbritannia, blei Anna-Eva først plassert hjå mora sine to søstrer i Hardanger, deretter hjå den tredje søstera hennar, Sara, og mannen Daniel Tønnessen. Med desse budde ho først i Fredrikstad og seinare i Oslo.[1]

I 1927-1928 studerte Anna-Eva Bergman på Statens kunstakademi under Axel Revold, og dei to neste åra heldt ho fram kunststudia sine i Wien og Paris. I løpet av livet reiste ho mykje i Europa rundt Middelhavet, men oppheldt seg også heime i periodar.

Anna-Eva Bergman var gift med den opphavleg tyske astronomiinteresserte kunstmålaren Hans Hartung (1904–1989) i tida frå 1929 til 1939, og frå 1957 til ho døydde i Antibes i 1987.[1] Dei levde fyrst saman i 6 år på Menorca, i Noreg, Italia og Frankrike, og vanka saman med avantgardekunstnarane Joan Miró, Vasilij Kandinskij og Piet Mondrian i Paris. Men i 1939 vart Anna-Eva Bergman og Hans Hartung skilde på grunn av alle dei vanskane ikkje minst Hans Hartung råka opp i både i Tyskland og Frankrike som fylgje av å vere tysk-fransk under nazismen i Tyskland og under krigen. Han vart mellom anna arrestert, var på flukt, og kjempa dessutan i den franske Framandlegionen (Légion Étrangère), der han mista det eine beinet under kamp. Anna-Eva Bergman, som òg fekk problem som fylgje av sitt statborgarskap som ektefelle til Hans Hartung, reiste til Noreg, der ho etter ei tid fekk norsk statsborgarskap.

Etter å ha vorte gifte på nytt på kvar på sin kant, råka Anna-Eva Bergman og Hans Hartung ved eit tilfelle på kvarandre i 1952 i eit biletgalleri i Paris, og levde deretter tett saman, slik dei hadde gjort etter at dei vart trulova og gifte fyrste gongen. Saman vart dei på ny ein del av det parisiske kunstmiljøet, saman med vener som Sonia Delanay-Terk, Alexander Calder og Pierre Solages. Ho stilte ut verka sine både i Europa og på gruppeutstillingar over heile verda. I Noreg vart den fyrste retrospektive utstillinga av verka hennar skipa til på Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum i 1979, etter at ho og hadde hatt ei utstilling på Kunstnernes Hus i Oslo i 1966. Før dette hadde ikkje kunsten hennar vekt særleg merksemd i positiv meining i Noreg. Men interessa har teke seg opp etter den internasjonale suksessen. I 2015-2016 vart det halde ei utstilling kalla Anna-Eva Bergman grafisk universNasjonalmuseet, Museet for samtidskunst i Oslo, i samband med at Hartung Bergman-stiftinga i Antibes har donert 154 grafiske verk av Anna-Eva Bergman til Nasjonalmuseet.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Trass i at Bergmann budde mesteparten av livet i Frankrike, der ho og ektemannen hadde fått seg eit hus i Antibes, tok måleria og grafikken hennar gjerne utgangspunkt i formasjonar frå norsk natur. Dei djupe fjordane, dei steile fjellformasjonane som avteikna seg skarpt mot himmelen, midnattsola, møtet mellom himmelen og havet i horisonten, som ho opplevde på reiser i Nord-Noreg i 1950 og 1960, den siste saman med ektemann, har gjeve inspirasjon til både måleri og grafikk. Særleg vart ho fascinert av det arktiske ljoset. Fotografi ho tok på turane vart utgangspunkt for mange av motiva, som på byrjinga av 1950-talet går i meir abstrakt lei, konsentrert om det ho kalla «Les Thèmes» (tema), som er fjell, fjordar, horisontar, båtar, bautastein, stein og himmellekamar komponert i nøye kalkulerte geometriske former med det gylne snittet som utgangspunkt. Motiva frå «Les Thèmes» kom ho attende til fleire gongar og i ulike variasjonar i både måleria og grafikken.

Eit særkjenne ved både måleria og grafikken til Anna-Eva Bergman er bruken av metallfolie, særleg i gull og sølv, for å framkalle illusjonen av ljos. Ho var ein pioner på dette området, men vart med tida ikkje den einaste som gjorde seg nytte dette verkemiddelet. Med lasering både under og over den tynne metallfolien, og ved å skarpe med palettkniven, fekk ho fram sterke illusjonar av djupne og relieff, og ved å polere folien, fekk ho fram eit flimrande skimmer. Men denne metallfolie-teknikken gjorde bileta relativt skjøre og vanskelege å konservere i ettertid.

Anna-Eva Bergmann byrja for alvor med grafikk i 1952. Ho tok til med litografi, og heile resten av livet arbeida ho med ulike grafiske teknikkar, særleg tresnitt og litografi, men jamvel etsing, koparstikk, kaldnål og akvatint. Hennar utprøving av dei grafiske teknikkane og dei ulike uttrykka ein kunne få fram, mellom anna det stofflege i overflatene som dei ulike teknikkane skapte, er karakteristiske modernistiske drag ved den kunstnarlege verksemda hennar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Skedsmo, Tone (13. februar 2009), «Anna Eva Bergman», Norsk biografisk leksikon, henta 16. april 2014 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Kristi Heggli, Pierrette Chaumien Koefoed, Randi E.V Godø, Bodil Sørensen,Marianne Yvenes, Geneviève Duris, Catherine Gonnard. 2015. Anna-Eva Bergman : grafikk Anna-Eva Bergman : l'oeuvre gravé. Ein tospråkleg (norsk-fransk) catalogue raisonné over Anna-Eva Bergmans grafiske produksjon, utgjeve i samband med utstillinga i Museet for samtidskunst, 13. november 2015 - 28. februar 2016. ISBN 978-82-8154-108-5
  • Tone Skedsmo. «Anna-Eva Bergman». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utg.
  • Anna-Eva Bergman / redaktør: Paula Fure. – Kongsberg : Galleri Åkern, 2006. ISBN 978-82-997395-0-4
  • Minnespeil : tegninger av Anna-Eva Bergman / Museet for samtidskunst 2002; utstillingsansvarlig Karin Hellandsjø og Ole Henrik Moe. (TERSKEL ; nr 24 )
  • Ole Henrik Moe. Anna-Eva Bergman : liv og verk Dreyer, 1990. ISBN 82-09-10479-9
  • Anna-Eva Bergman : malerier og tegninger 1949-1987 / redaktør: Ole Henrik Moe ; Lillehammer Kunstmuseum 1996. Orfeus, 1996. ISBN 82-467-0003-0
  • Karin Hellandsjø. «Anna Eva Bergman» I: Kunst. – 1983, nr 4.
  • kunstbib bøker, artiklar og utstillingskatalogar om Anna-Eva Bergman