Anna Birjukova
Utsjånad
| Anna Birjukova | |
| Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
| Fødd | 27. september 1967 (58 år) Jekaterinburg |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1996 |
Anna Birjukova, fødd Derevjankina, (fødd 27. september 1967) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Sverdlovsk. Ho vart verdsmeister i tresteghopp i 1993 og europameister året etter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Birjukova vann gullmedaljen då ho under verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart hoppa 15,09 meter og sette ny verdsrekord. Det var fyrste gongen ei kvinne hoppa 15 meter i tresteghopp. Året etter vann ho også gullmedaljen i tresteg under friidretts-EM i Helsinki, fire centiemter framom landskvinna Inna Lasovskaja. I VM 1995 i Göteborg vart ho nummer tre i ei tevling der Inessa Kravets tok over verdsrekorden etter å ha landa på 15,50 meter, gjeldande verdsrekord i tresteghopp også i 2015. Birjukova oppnådde 15,08 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anna Birjukova» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2015.