Anna Falkenberg
| Anna Falkenberg | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
| Fødd | 4. januar 1996 (30 år) Oyri |
| Yrke | politikar |
| Politisk parti | Sambandsflokkurin |
Anna Falkenberg (fødd 4. januar 1996) er ein færøysk politikar som representerer Sambandsflokkurin. Ho har vore medlem av det danske Folketinget for Færøyane sidan folketingsvalet 1. november 2022.[1][2]
Falkenberg er den andre færøyske kvinna, etter Lisbeth L. Petersen, som er blitt vald inn i det danske parlamentet.[3] Ho er også blant dei yngste folketingsmedlemmane frå Færøyane; Edward Mitens og Enok Bærentsen var også i midten av 20-åra då dei blei valde inn.
Falkenberg vaks opp i Hoyvík. Ho gjekk Føroya Studentaskúli og har ein kandidatgrad i statsvitskap (cand.scient.pol.) frå Københavns Universitet frå 2022. Ho arbeida på Christiansborg som politisk rådgjevar for morfaren, folketingsmedlem Edmund Joensen, frå 2019 til ho sjølv blei vald inn i 2022.[1][4]
Falkenberg har vore formann i Unga Sambandið og visepresident i Ungdommens nordiske råd.[1][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 «Anna Falkenberg (SP)» (på dansk). Folketinget. Henta 17. november 2022.
- ↑ «Sjúrður Skaale og Anna Falkenberg eru vald á Fólkating». Kringvarp Føroya (på færøysk). Arkivert frå originalen 1. november 2022. Henta 1. november 2022.
- ↑ «Færøsk valg sender et blåt og rødt mandat i Folketinget». DR (på dansk). 1. november 2022. Henta 1. november 2022.
- ↑ «Færøerne vælger en til hver blok». Altinget.dk (på dansk). Henta 1. november 2022.
- ↑ «Føroyskt kvinnuligt forsetatoymi í Ungdommens Nordiske Råd» (på færøysk). dagur.fo. 31. oktober 2018. Henta 2. november 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Anna Falkenberg» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2024.