Anna Haava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Haava
Anna Haava, 19.saj.jpg
Fødd 15. oktober 1864
Kodavere
Død

13. mars 1957
Tartu

Yrke forfattar, skribent, lyrikar
Anna Haava på Commons
Anna Haava på eit bilete frå 1920-åra

Anna Haava (fødd 15. oktober 1864 i Kodavere i Estland, død 13. mars 1957 i Tartu) var ein estisk lyrikar og omsetjar. Ho var den mest avhaldne lyrikaren i si tid.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Anna Haava vart fødd som Anna Rosalie Haavakivi[1] i ein estisk bondefamilie. Familien la stor vekt på utdanning av dottera. Anna Haava byrja utdanninga si på godset Pataste mõis, og deretter på ein tyskspråkleg privatskule i Saare-Vanamõisa. Frå 1878 gjekk ho på Hoffmann privatskule i Tartu. Frå 1880 til 1884 gjekk ho på den høgare jenteskulen i Tartu og fekk utdanning som guvernante.

I åra frå 1892 til 1894 heldt ho fram på ulike sjukeheimar i Tyskland, og seinare arbeidde ho på eit diakonissehus i Fürstenwalde ved Berlin. Deretter var ho frå 1894 til 1899 guvernante og sjukepleiar i Russland, mellom anna i St. Petersburg og Novgorod. Einsemda i utlandet og mora sin død i 1898 og systera sin nokre år tidlegare sette djupe spor i henne.

Ved århundreskiftet flytta Anna Haava inn som hushaldar på garden til broren i Haavakivi i Livland. Seinare var ho redaktør i avisa Postimees og frå 1906 arbeidde ho som frilansforfattar og -omsetjar. I 1909 flytta ho til Tartu, der ho stort sett budde heilt fram til ho døydde. Ho står som ein av dei største lyrikarane i den estiske litteraturen og er gravlagd på kyrkjegarden Raadi-Friedhof i Tartu.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Anna Haava debuterte som lyrikar i 1886. Mellom 1888 og 1897 vart lyrikken hennar utgjeven i tre bind under tittelen Luuletused ('Dikt'). Deretter følgde dei to diktsamlingane Lained (1906) og Ristlainetes (1910). Med diktsamlinga Põhjamaa lapsed (1913) gav ho fyrst og fremst ut kjærleiksdikt med ein autensistet og intensitet som til då var ukjend. I 1920 kom Meie päevist, der Haava har ein samfunnskritisk tone. I 1924 følgde diktantologien Anna Haava luuletuskogu. Så kom Siiski on elu ilus (1930), Laulan oma eesti laulu (1935) og Järelpõiming (1936). Dikta hennar har også vorte tonesette av estiske komponistar.

Anna Haava gav òg ut prosa. I 1911 samla ho aforismar under overskrifta Peotäis tõtt (1900, 'Ei handfull sanningar'). Väikesed pildid Eestist (1911) går føre seg i barndomsmiljøet hennar. Fyrst i 2006 vart sjølvbiografien Mälestusi Laanekivi Manni lapsepõlvest utgjeven, posthumt.

Anna Haava omsette òg mange klassikarar til estisk, mellom andre av William Shakespeare, Franz Grillparzer, Hugo von Hofmannsthal, Johann Wolfgang von Goethe, Friedrich Schiller, Hans Christian Andersen. I tillegg omsette ho russisk litteratur så vel som delar av den greske mytologien.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ho endra offisielt namnet sitt i 1939.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ello Säärits: Anna Haava. Elu ja loomingu lugu. Tartu 2007
  • Cornelius Hasselblatt: Geschichte der estnischen Literatur, s. 304–308. Berlin, New York 2006 (ISBN 3-11-018025-1)