Anna Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anna Jacobsen
Fødd 30. oktober 1924
Død

2. april 2004

Yrke omsetjar

Anna Jacobsen (fødd Anna Kappfjell19242004), sørsamisk Jaahkenelkien Aanna, var ein norsk forkjempar for sørsamisk kultur og språk. Ho kom opphavleg frå Majavatn i Grane kommune, men budde mykje i Hattfjelldal.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anna Kappfjell kom frå ein sørsamisk familie som dreiv med reindrift sør i Nordland. Far hennar var ein av føregangsmennene for samisk organisering. Dei snakka sørsamisk heime, og Anna lærte ikkje norsk før ho tok til på sameskulen på Havika utanfor Namsos i Nord-Trøndelag på 1930-talet.

I godt vaksen alder tok ho artium, og hadde då sørsamisk som sidemål. Ho studerte både nordsamisk, tysk og sørsamisk på universitetet, og vart den fyrste som nokon gong tok eksamen på sørsamisk. I Majavatn tok ho til å arrangera såkalla «språkreir» for unge samar, der det berre var lov å snakka samisk. Anna Jacobsen underviste også i samisk ved fleire skular.

Hattfjelldal fekk eigen samisk skule fyrst i 1951, og då det var snakk om nedlegging på 1970-talet, kom Jacobsen aktivt med i kampen for å verna om sameskulen i Hattfjelldal. Dessutan var ho talskvinne for å skipa eit eige samisk kultursenter i bygda, som er eit sentrum for sørsamane.[1] I mai 1987 vart kultursenteret i Hattfjelldal, i dag kjent som Sitji Jarnge, offisielt innvigt.[2] Namnet tyder Det samiske samfunnets midtpunkt.[3] Anna Jacobsen var også aktivt med i arbeidet for å skipa eit sørsamisk teater. Åarjelhsaemien Teatere vart skipa i 1985, og dekkjer i dag alle dei fire sørsamiske fylka: Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Hedmark.[4]

Frå 1987 til 1991 var Anna Jacobsen språkkonsulent for Samisk Utdanningsråd. Ho gav ut fleire ordbøker på sørsamisk, skipa sitt eige forlag og hadde ansvar for sørsamiske innslag på NRK ein periode. Saman med Bierna Bientie omsette ho Markusevangeliet til sørsamisk. Omsetjinga fekk tittelen Jupmelen rijhke lea gietskesne (Guds rike er nær), og vart utgjeven av Bibelselskapet i 1993. I Salmer 1997 har Anna Jacobsen omsett fire tekstar til sørsamisk.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Anna Jacobsen i bokmålswikipedia, henta inn 6. mars 2012.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]